Hopp til innhold

Internettsensur og rasande ungdomsgjengar i Kongo

Hundrevis av ungdommar har sett fyr på eit sentralt bygg i Kinshasa. Uroa har vakse i Kongo dei siste dagane på grunn av presidentens forsøk på å sitte lengre ved makta.

Protester i Kinshasa i DR Kongo

Det har vore store protestar i DR Kongos hovudstad, Kinshasa, dei siste dagane. Her frå i går då minst tre personar vart drepne i samanstøytar.

Foto: John Bompengo / Ap

Eit offentleg bygg i sentrum av Kinshasa skal ifølgje nyheitsbyrået AFP stå i full brann etter at hundrevis av ungdommar sette fyr på bygget. Fleire fangar skal vere rømte frå eit fengsel i tilknyting til det påtente bygget.

Ungdomsgjengane har i heile dag vore ute i hovudstadens gater for å protestere mot eit lovforslag som skal bli handsama i landets parlament i dag.

Congo Protest Election Law

Det har vore mange kampar mellom demonstrantar og politi i Kinshasa dei siste dagane.

Foto: John Bompengo / Ap

Skrudd av internett

Lova vil kunne utsette det planlagde valet i Den demokratiske republikken Kongo i 2016, og dermed føre til at president Joseph Kabila får sitte lengre ved roret.

Opposisjonen i landet har oppmoda til protestar, og det har vore uroleg i hovudstaden Kinshasa i fleire dagar. I går skal minst tre personar ha blitt drepne, to sivile og ein politimann.

Styresmaktene har også skrudd av internettet i hovudstaden, men har ikkje gitt noko offentleg forklaring på kvifor dei har gjort det.

DRCONGO-ANGOLA-POLITICS

Det er president Joseph Kabila sitt lovforslag om å gjennomføre eit nytt manntal i landet som skaper frykt for at han kan bli sittande i fleire år framover.

Foto: TUTONDELE MIANKENDA / Afp

Kabila har regjert i 14 år

Kongo har ei lang, konfliktfylt historie bak seg. Landet var opphavleg ein belgisk koloni, fram til 1960 då det nærast over natta vart eit sjølvstendig land. Nærast ingen av innbyggjarane i det enorme landet hadde utdanning, og i åra som følgde var det ulike diktatorar som regjerte.

I 2001 vart Joseph Kabila sett inn som ny leiar av landet. I ein alder av 28 år skulle han leie det ressursrike landet.

Kabila vann det første frie valet i Kongo i 2006, og det same gjorde han i 2011. Etter landets grunnlov skal hans regjeringstid eigentleg vere over i 2016. No prøver Kabila å få gjennomført eit nytt manntal i Kongo, som ifølgje ekspertar kan utsette valet i opptil tre år.

Ikkje første som prøver å forlenge

Om Kabila faktisk prøver og klarer å sitte lengre ved makta, så er han ikkje den første afrikanske presidenten som klarer nettopp det. Døma er mange, men sistemann som prøvde seg feila stort.

Congo Protest Election Law

Fleire hundre demonstrantar skal i dag ha sett fyr på eit offentleg bygg i Kinshasa. Her frå gårsdagens protestar.

Foto: John Bompengo / Ap

Blaise Compaore vart kasta som president i Burkina Faso i fjor haust då store folkemengder samla seg i gatene i hovudstaden Ouagadougou for å protestere mot Compaores forsøk på lovendring, som kunne føre til at han kunne stille til val på ny.

Det er også uroleg i Aust-Kongo der væpna grupper driv ein geriljakrig, og er skulda for å stå bak drap og grove valdtekter.

SISTE NYTT

Siste nytt