Hopp til innhold

Helten frå Koscher-butikken vart franskmann

Han er 24 år, opphavleg frå Mali, og er peikt ut som ein av heltane etter terroren i Paris. I dag fekk Lassana Bathily sitt franske pass, etter rekordrask sakshandsaming.

FRANCE-ATTACKS-CHARLIE-HEBDO-NATIONALITY-MALI

Lassana Bathily, til høgre, fekk i dag sitt franske statsborgarskap. I midten står innanriksminister Bernard Cazeneuve.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

Den 9. januar var Bathily på jobb i den jødiske Koscher-butikken Hyper Cacher. Då ein mann med skytevåpen, også kjent som Amedy Coulibaly, tek seg inn i butikken handlar 24-åringen raskt og gøymer fleire av kundane i eit kjølerom i butikkens kjellar.

Same opphavsland som terroristen

– Eg skrudde av kjølemaskinen og lysa, og bad kundane om å halde seg rolege. Eg fortalde dei at om terroristen kjem ned her, så må han ikkje høyre dykk, har Bathily fortalt til BBC.

Bathily kjem frå Mali, same land som Coulibalys familie kjem frå. Meir skulle det ikkje til for at politiet heilt i byrjinga mistenkte Bathily for å vere medskuldig i gisselaksjonen. Men etter kort tid vart status endra frå mistenkt til helt.

– Då eg kom ut var det politi overalt. Dei bad meg ta henda over hovudet. Eg fortalde dei at mange gissel var i kjellaren. Dei bad meg teikne eit kart for å vise kor dei var, fortel Bathily.

Kom til Frankrike som 15-åring

24-åringen er sjølv muslim og har jobba i den jødiske butikken i to år. Der trivst han godt. Han har ofte fått høyre at hans jødiske kollegaer har spøka med han og sagt at han må skaffe seg ei jødisk jente.

– Den dagen det skjedde så mista eg kollegaen min, ein ven. Det vanskelegaste er å gløyme det som skjedde. Men gratulasjonane gjer meg glad att, har Bathily sagt til avisa Le Figaro.

Bathily kom til Frankrike som 15-åring i 2006, og er oppvaksen i Kayes-regionen, vest i Mali.

I dag var han Frankrikes helt og på ein eigen seremoni, sett i stand av innanriksminister Bernard Cazeneuve, fekk Bathily sitt franske statsborgarskap. Det skjer etter at franske styresmakter på rekordrask tid handsama søknaden hans om å få bli franskmann.

Til stades på seremonien var fleire av gislane frå butikken. Det same var leiinga av butikkjeden, folkevalde i Paris og fleire representantar frå politiet.

SISTE NYTT

Siste nytt