Demonstrasjonen i Grozny kjem etter ei helg med blodige protestar mot «Charlie Hebdo» i den tidlegare afrikanske kolonien Niger,
og over 40 kyrkjer er sette fyr på.Ein journalist frå AFP seier at det var fleire hundre tusen menneske ute i gatene, medan styresmaktene altså seier at det var ein million. Det er 1,2 millionar innbyggjarar i Tsjetsjenia, medan det bur 250.000 i sjølve Groznyj. Styresmaktene seier at menneske frå heile Kaukasus var med.
Flammande tale
Tsjetsjenias sterke mann, Ramzan Kadyrov, heldt ein flammande tale til folkemassane i Grozny der han langa ut mot både mot publiseringa av teikningane i «Charlie Hebdo», og mot Vesten generelt.
– Dette er ein protest mot alle som alle som støttar publisering av karikaturar av profeten, sa Kadyrov, og tilhøyrarane svarte med taktfaste «Allah Akbar» («Gud er stor»).
Kadyrov, som har gjort den tidlegare opprørsrepublikken Tsjetsjenia til eit massivt støttepunkt for Russlands president Vladimir Putin, var klar på at dei som støttar slike teikningar, ikkje skal gjere det ustraffa.
– Vil ikkje tillate krenking
– Vi seier klart frå at vi aldri vil tillate at nokon kan krenkje namnet til profeten eller religionen vår, utan å bli straffa for det, sa Kadyrov, og demonstrantane sleppte tusenvis av ballongar opp i lufta.
Menneskerettsaktivistar i Tsjetsjenia seier at det er vanleg at styresmaktene gir arbeidarar og studentar ordre om å delta i demonstrasjonar til støtte for Kreml.
Trass i at Russland offisielt har sendt kondolansar til Frankrike etter terrorangrepa der, og utanriksminister Sergej Lavrov deltok i solidaritetsmarsjen for offera i Paris sentrum, så har fleire kommentatorar som står Kreml nær, sagt at karikaturteiknarane i «Charlie Hebdo» sjølve hadde provosert fram terrorangrepet mot magasinet.
Brende franske flagg
Det var demonstrasjonar mot «Charlie Hebdo» også i fleire andre land i dag, blant anna i Afghanistan og Pakistan. I den afghanske byen Jalalabad brende rasande demonstrantar franske flagg og kravde at den franske ambassaden i Kabul skal stengjast.
I Pakistan var det demonstrasjonar i fleire byar, blant anna i Peshawar og i Karachi.
På Gazastripa trua rundt 200 radikale islamistar med å storme eit fransk kultursenter i Gaza by.
– Franskmenn, ha dykk ut av Gaza eller så slaktar vi dykk, ropte aktivistane, ifølgje AFP.