I samband med dagens fredagsbøn har mange muslimar i dag rast mot Charlie Hebdo sine teikningar, som dei meiner er blasfemiske og krenkande mot religionen deira.
– Demonstrantane roper ut - på Hausa - Charlie er Satan - la helvete omfamne dei som støtter Charlie, fortel Aboubacar Mamane, ein lokal kjøpmann i Zinder i Niger.
I Zinder vart ein politimann og tre sivile drepne i uroa i byen Zinder, som er nest største byen i den tidlegare franske kolonien. 45 andre vart såra i uroa.
- LES OGSÅ:
– Je suis Mohammed
Eit fransk kultursenter i byen, og to kyrkjer vart i dag sette fyr på, og i Pakistan vart ein pressefotograf skoten under ei anti-Charlie Hebdo-markering.
– Dagen kom då to eller tre personar vart brukte av Allah til å straffe og audmjuke desse vantrue. I dag veit vestleg media og dei vantru at muslimar vil ta hemn, sa ein radikal muslim, som protesterte mot Charlie Hebdo i Istanbul i Tyrkia.
Slagord som «Charlie er satan» og «Je suis Mohammed» vart ropt og politiet hadde store utfordringar med å roe ned opprøra fleire stader. I Algerie enda det heile med samanstøytar mellom demonstrantar og politi.
Bladet forbode i mange land
I Jordan samla demonstrasjonane 2.500 menneske, og tryggingsnivået vart heva i landet. Også i Jerusalem og Sudans hovudstad Khartoum har det vore uroleg.
- LES OGSÅ:
Også i Russland er det motstand mot satirebladet. Eit organ som skal drive tilsyn med landets aviser og medium har sagt at det er ulovleg å trykke teikningar frå bladet i russiske medium.
Medan bladet er forbode i mange muslimske land, og ikkje er å finne i butikkane, så sel bladet som varmt kveitebrød i vestlege land.
I Noreg vart alle eksemplara selt på 45 minutt, medan fleire hundre menneske stod i kø i London for å få bladet.