Hopp til innhold

Slik hyller dei sine drepne vener

Dei mista sine to gode vener i terrorangrepet mot skulen i Peshawar. Nå hyller dei Rafiq og Mohammad på sin eigne spesielle måte.

Kamerater

To bilete er alt ein treng for å vise kva som skjedde i Peshawar den 16.desember 2014.

Foto: Privat

Før-bilete

Dette bilete gjekk verda rundt i dagane etter terrorangrepet i Peshawar. Dei fire kameratane var alle til stades under angrepet. Frå venstre: Talha, Mohammed, Hassan og Rafiq.

Foto: Privat
Etter-bilete

Den 12. januar vart dette biletet lagt ut på Facebook. To gutar er tilbake på staden der det første bilete vart teken. To gutar er døde.

Foto: Privat

Fire unge gutar ser inn i eit kamera. Dei er gode kompisar og går på same skule. Mohammad Yaseen, ein ivrig fotograf, legg ut biletet på Facebook. «Vener er oppmuntring for sjela», skriv han under biletet.

Lite visste dei fire om kva som skulle skje den 16. desember, då fleire væpna menn frå Taliban gjekk til angrep på skulen deira og drap 132 skuleborn og 19 vaksne.

La ut på Facebook

Mohammad og Rafiq vart drepne av dei væpna mennene. Tilbake sit Talha og Hassan, sjokkerte og i sorg.

For nokre dagar sidan la Talha ut eit nytt forsidebilete på sin Facebook-profil. Det skriv The Guardian. Der har han lånt biletet til Mohammad, og kombinert det med eit nytt bilete. Men noko manglar. Berre to av dei fire gutane i skuleuniform er framleis i live.

Angrepet mot skulen i Peshawar har skapt store sår både for folk i området, og ikkje minst for dei elevane som overlevde angrepet. Mange har brukt sosiale medium i sorgprosessen, og har velt å heidre sine avdøde vener ved bruk av nettet.

Starta opp att undervisning

Mange journalistar nytta seg også av bilete frå sosiale medium til å fortelje historiene om dei drepne. Biletet av dei fire gutane vart mykje brukt for å vise nokre av dei mange ofra.

No har skular i Peshawar starta opp att undervising etter massakren. For mange av elevane var det traumatisk å kome tilbake til skulebenken etter det som skjedde.

Kampen mot Taliban har også blitt intensivert etter massakren. Både rettsleg og militært har pakistanske styresmakter forsøkt å ta eit oppgjer med Talibans herjingar. Landet innførte også dødsstraff att etter terroråtaket, og har uttalt at dei planlegg å avrette rundt 500 fangar.

SISTE NYTT

Siste nytt