Det skjer mykje i grenseområda mellom Nigeria og Kamerun om dagane. I dag vart minst 32 menneske drepne i landsbyen Gumskiri nordaust i Nigeria, og heile 185 kvinner og barn skal vere kidnappa av terrorgruppa Boko Haram.
Planlagd mytteri
Det skjer dagen etter at det vart kjent at ein nigeriansk militærdomstol har dømd heile 54 av sine eigne soldatar til døden. Den dommen får dei for å ha stukke av og gjort mytteri i kampen mot Boko Haram.
- LES OGSÅ:
Soldatane vart dømde for å ha gjennomført ein kriminell konspirasjon, og planlagd eit felles mytteri. Dei dødsdømde soldatane erklærte seg alle uskuldige, utan at det hjelpte. Ifølgje dommen skal dei bli drepne ved å bli festa til ein påle og bli skotne. Fem soldatar vart frifunne i same rettssaka.
Dette er andre gongen nigerianske soldatar vert dømde til døden. I september fekk 12 soldatar dødsdom, etter at dei hadde skote mot sin eigen offiser.
- LES OGSÅ:
Soldatar misnøgde med utstyrsmangel
Nigeria har lenge fått kritikk frå fleire hald, deriblant sine eigne soldatar, for at militæret er altfor dårleg utstyrt i sin kamp mot Boko Haram.
– Soldatar dør som fjærkre. Den nigerianske hæren er ikkje klar til å kjempe mot Boko Haram, sa ein nigeriansk soldat til BBC i august i år.
Særskild soldatane som kjempar i frontlinjene har vore særs kritiske til det utstyret Nigeria har gitt dei. Dei manglar mellom anna ammunisjon, medan Boko Haram på motsett side har tilgang på stridsvogner, avanserte granatkastarar og anna tung ammunisjon.
Soldatkoner har gjennomført fleire protestar mot militæret, og hevdar at deira menn vert sende ut i krigen, berre for å døy. Leinga i den nigerianske hæren hevdar at soldatane er godt nok utstyrte, men likevel ordna president Goodluck Jonathan eit utanlandslån på over sju milliardar kroner tidlegare i år, for å betre hærens slagkraft.
116 Boko Haram-soldatar drepne i Kamerun
Men også Boko Haram møter motgang. Denne gongen i Kamerun. Ifølgje den kamerunske hæren skal dei ha slått kraftig tilbake på eit Boko Haram-angrep mot ein kamerunsk militærbase, nær grensa til Nigeria.
– Ei kolonne av militære køyretøy og fire pickupar vart utsette for ei bombe i vegkanten og eit etterfølgjande bakhaldsangrep. Samstundes vart militærbasen Amchide angripe av hundrevis av Boko Haram-krigarar, men responsen frå vår styrker var umiddelbar og kraftig, heiter det i eit presseskriv frå den kamerunske hæren.
- LES OGSÅ:
Hæren hevdar at 116 av angriparane vart drepne, medan ein kamerunsk soldat mista livet, og ein offiser er sakna.
Boko Haram har fått stadig meir fotfeste i grenseområdet mellom Kamerun, Nigeria og Tsjad, og den kamerunske hæren har av den grunn auka sin innsats nord i landet.