Hopp til innhold

Sundtoft: – Det viktigaste no var å bli einige

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft håper dagens klimaavtale i Lima kan bidra til ein meir forpliktande avtale i Paris neste år. Ho er glad det vart semje i Lima, men skulle gjerne hatt ein sterkare avtale, om ho berre fekk bestemme åleine.

Montasje - Sundtoft

Tine Sundtoft er nøgd med at klimamøtet i Lima enda med ein avtale. No skal alle land rapportere tilbake om sine friville utsleppskutt. Verda står overfor fleire klimatiske utfordringar, her illustrert med ei forureina elv som renner gjennom eit industriområde i India, fabrikkpiper i India og ein smeltande isbre i klimatoppmøtets vertsland, Peru.

Foto: Scanpix/Ap/Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Noreg ønskja primært ein sterkare avtale enn det me klarte å lande. Men verdien av at 193 land er einige om at alle må bidra, er at det då vert lettare å få til ein ambisiøs klimaavtale til neste år, seier Sundtoft, og viser til det neste klimatoppmøtet i Paris, som er sett opp som ein milepæl i kampen mot global oppvarming.

Ho gir uttrykk for at avtalen som forhandlarane i Lima vart einige om 30 timar på overtid er betre enn ingen avtale i det heile tatt.

– Å bli einige om ein avtale var det viktigaste me klarte å få til no. Når ein skal få med alle land, så må ein inngå kompromiss. Men det er klart, skulle me bestemme dette åleine, så hadde me ønskja ein meir offensiv avtale. Men det å få alle land med på det viktige arbeidet med å redusere oppvarminga av kloden, det var det viktigaste no.

NRK snakkar med Tine Sundtoft få minutt før ho skal sette seg på flyet som tek ho heim att til Noreg. Forhandlingane i Lima tok mykje krefter, og det såg lenge ut til at dei 193 landa ikkje vart einige om noko som helst.

Misnøgde miljøforkjemparar

Men til slutt vart partane einige om ein avtale som mellom anna seier at kvart enkelt land sjølv skal fastsette ønskja reduksjon av sitt noverande Co2-utslepp. Avtalen inneber også at «dei landa som er klare for det» skal rapportere inn sine Co2-kutt i første kvartal i 2015.

– Det som er bra er at me bygger ein avtale frå-botnen-og-opp, det at landa skal rapportere inn sine mål for utsleppskutt, og det at alle land skal bidra, det er det som er bra med denne avtalen, meiner Sundtoft.

Frederic Hauge

Frederic Hauge i Bellona, er ikkje nøgd med avtalen, som han meiner styrer verda mot meir global oppvarming.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix
Arnstein Vestre

Arnstein Vestre i Natur og Ungdom var sjølv til stades i Lima. Han meiner utfallet av klimaavtalen i Lima danner eit for dårleg grunnlag for forhandlingane i Paris neste år.

Foto: Eivind Molde / NRK

Men avtalen har på langt nær blitt like godt motteken av miljøorganisasjonane i Noreg.

– Dette styrer oss mot global oppvarming, sa Bellona-leiar Frederic Hauge tidlegare i dag.

Også leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre, er kritisk, og meiner avtalen er svak fordi den legg opp til frivillige utsleppskutt og manglar klimafinansiering.

– Dette grunnlaget som no er lagt i Lima, er ikkje godt nok for å hindra øydeleggande klimaendringar. Med dette utfallet får me ikkje ein avtale i Paris som er tilstrekkeleg. Forhandlingane i Lima har ikkje gjort nok for å hindra katastrofale klimaendringar, meiner Vestre.

Positiv statsminister

Klima- og miljøministeren meiner derimot at dagens avtale er eit godt utgangspunkt før neste års klimatoppmøte i Paris.

– Eg har meir tru på einigheit i Paris etter at me fekk landa avtalen i natt. Det å få den einigheita me fekk på plass, eit kompromiss som omfattar at alle land forstår at alle må bidra, det er viktig. Nokre land skal gjere meir enn andre, me skal også hjelpe til med finansiering overfor utviklingsland som treng hjelpe til dette. Men det globale fellesskapet, at alle må bidra, er det aller viktigaste, meiner Sundtoft.

Også statsminister Erna Solberg er nøgd med at det vart einigheit om ein avtale i Lima.

– Noreg ønskja i utgangspunktet fleire krav til informasjon om bidraga som landa melder inn, men me er godt nøgde med at me kom fram til eit kompromiss. Me skal bidra til at einigheita i Lima gjer oss den avgjerande draghjelpa som me treng for å få i stand ein sterk klimaavtale i Paris, seier ho til NTB.

Rasmus Hansson

– Ein avtale om ingenting, seier MDGs Rasmus Hansson.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

MDG: – Avtale om ingenting

Miljøpartiet dei Grøne er derimot særs skuffa over klimaavtalen, og kallar det «ein klimaavtale om nesten ingenting».

– Avtalen er det stikk motsette av det som opphavleg var målet med ein internasjonal klimaavtale, ei felles forplikting for alle land, som til saman sikrar at global oppvarming held seg innanfor togradarsmålet, seier partiets talsmann og einaste stortingsrepresentant Rasmus Hansson til NTB.

Når det gjeld Noreg sin nasjonale klimapolitikk, meiner Hansson at avtalen forpliktar Noreg meir enn før.

– Noreg kan ikkje lenger vise til at me skal bli del av ein framtidig avtale. Det som speler ei rolle, er kva Noreg sjølve gjer, seier Hansson.

SISTE NYTT

Siste nytt