Hopp til innhold

Statsminister vil fjerne Union Jack frå flagget

New Zealands statsminister John Key vil fjerne britiske Union Jack frå det newzealandske flagget. Han varslar ei bindande folkerøysting om saka i 2016.

Flagget til New Zealand.

Innbyggjarane i New Zealand skal få avgjere om det britiske Union Jack-symbolet skal fjernast frå flagget.

Foto: Marty Melville / Afp

Statsministeren vart utnemnd til den tredje perioden på rad som statsminister etter parlamentsvalet i landet i september, etter at sentrum/høgre-partiet hans vann ein klar siger. No meiner han at det britiske symbolet må bort frå plassen sin oppe i hjørnet av det newzealandske flagget.

Malakai Fekitoa frå All Blacks under tren ing i Chicago.

Det er bregne-symbolet som Malakai Fekitoa frå All Blacks har på drakta statsministeren vil ha på flagget.

Foto: PHIL WALTER / Afp

– Flagget vårt er det viktigaste symbolet på den nasjonale identiteten vår. eg trur tida er inne for innbyggjarane i New Zealand å avgjere om ikkje det er på tide å endre flagget slik at det på ein betre måte reflekterer landet sin status som ein moderne og uavhengig nasjon, seier John Key til nyheitsbyrået AFP.

Sølvfarga bregne

Key har tidlegare sagt at han vil erstatte det noverande flagget med ei sølvfarga bregne på svart botn, eit symbol fleire av dei newzealandske landslaga nyttar, til dømes det suksessfulle rugbylandslaget All Blacks.

Trass i at John Key er ein svært populær statsminister, er det slett ikkje sikkert at innbyggjarane i den tidlegare britiske kolonien vil støtte han i synet på å endre flagget.

Statsminister i New Zealand, John Key.

Statsminister Joh Key vil fjerne Union Jack frå flagget, men vil framleis ha dronning Elizabeth II som statsoverhovud.

Foto: Rob Griffith / Ap

Så seint som i februar i år viste ei meiningsmåling frå TV New Zealand at 72 prosent av innbyggjarane er imot eit forslag om å endre flagget, medan berre 28 prosent ville fjerne Union Jack.

Månaden etter viste ei meiningsmåling frå avisa New Zealand Herald at 52,6 prosent ikkje vil endre flagget, medan 40,6 prosent var for. Resten hadde ikkje gjort seg opp noko meining.

Håper på fleirtal

Statsminister John Key tolkar den siste meiningsmålinga som at folket er på glid, og innan 2016 håpar han å ha sikra fleirtal for ei historisk endring av flagget.

Flagget i dag har fire raude stjerner på ein mørkeblå botn, noko som representerer den såkalla «Southern Cross»-konstellasjonen. Flagget vart først teke i bruk i 1869 og vart formelt godkjent i 1902.

Tilhengjarane av å ha flagget som det er, meiner at sidan newzealandske borgarar har kjempa og døydd under dette flagget i over 100 år, så vil det å endre det vanære desse heltane.

Statsministeren avviser dette og viser til at sølvbregna pregar mange av krigsgravene i landet. Han meiner bregna er eit like stort og viktig symbol for New Zealand som lønnebladet (Maple Leaf) er for Canada.

Det britiske samveldet

IS-krigar med flagg i Mosul juni 2014

Også flagget til terrororganisasjonen IS er trekt inn i diskusjonen om det newzealandske flagget.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

Flaggdebatten er nært knytt til debatten om landet skal melde seg ut av Det britiske samveldet, og dermed erstatte den britiske dronninga som statsoverhovud med ein president. Eit forslag om å innføre republikk i landet vart avvist ved ei folkerøysting i 1999.

Statsminister John Key har gjort det klart at han framleis er tilhengjar av å ha dronning Elizabeth II som statsoverhovud, sjølv om Union Jack blir fjerna frå flagget.

Ein flaggekspert frå nabolandet Australia har også blanda seg inn i diskusjonen. Han meiner at det er svært problematisk å ha eit flagg med svart botn, fordi det er for likt det hata svarte flagget til terrororganisasjonen IS.

LES OGSÅ: Newzealendere danset krigsdans mot Statoil

SISTE NYTT

Siste nytt