Hopp til innhold

Ebolafriskmelder Nigeria og Senegal

Det har ikkje vore nokon nye tilfelle av ebolasmitte i Nigeria og Senegal sidan august, og mykje tyder på at landa snart kan friskmeldast. Åtte menneske har mista liva av ebola i dei to landa.

Nigeria Ebola

Nigeria får skryt for sin respons på ebolaepidemien. Her er det ei kvinne som får målt temperaturen før ho skal på pilegrimsreise til Saudi-Arabia.

Foto: Sunday Alamba / Ap

Det er den amerikanske smittevernsinstitusjonen US Centers for Disease Control and Prevention (CDC) som meiner at ebolaviruset kan vere borte frå både Senegal og Nigeria.

Over 3000 døde

Det tek rundt 21 dagar frå ein vert smitta av ebola til ein viser symptom på sjukdommen. CDC har kartlagt at det ikkje er kome nye smittetilfelle dei siste 42 dagane, og konkluderer difor med at det er på tide å friskmelde Nigeria og Senegal.

– Sjølv om ikkje Nigeria er heil ferdige med jobben endå, så viser deira omfattande respons på enkeltilfelle av ebola at det er mogleg å få kontroll med raske og konkrete inngrep, seier direktør i CDC Tom Frieden i eit utsegn.

Ebolautbrotet som i all hovudsak har råka dei vestafrikanske landa Liberia, Sierra Leone og Guinea er det verste nokon gong. Ifølgje Verdas Helseorganisasjon (WHO) har meir enn 3.000 menneske mista liva, og verst er det i Liberia.

Oppmodar naboland til å ta grep

I august vart det påvist smitte i både Senegal og Nigeria, men tal frå CDC viser at berre åtte personar er døde av ebola i Nigeria, medan det i Senegal berre har vore eit smittetilfelle og vedkommande overlevde.

No oppmodar CDC at andre land i regionen lærer av Nigeria og utfører tiltak for å kunne stoppe potensielle smitteutbrot i sine land.

– Land over heile regionen, i tillegg til Nigeria, er nøydde til å ta raske grep og førebu seg på moglege smittetilfelle av ebola, slik at dei førebyggjer utbrot i landet sitt, seier direktør Frieden.

Krav om meir internasjonal respons

Same dag som Nigeria og Senegal nærast vert friskmelde, så kjem nyheita om at smitta har nådd USA. Ein amerikansk mann som nyleg har vore i Liberia har fått påvist smitta og er sett i isolat.

USA kunngjer i dag at dei sender nye 1400 soldatar for å hjelpe til med å bygge opp behandlingssenter i Liberia. Tidlegare har amerikanarane vedteke å sende 3000 soldatar for å hjelpe.

Innsatsen mot ebola er etter kvart blitt global, men ulike hjelpeorganisasjonar som opererer i dei aktuelle landa meiner responsen til den vestlege verda er altfor vag. Legar utan grenser meiner det ikkje er nok å sende pengar, det trengst også folk.

Noreg har laga ei ordning som skal sikre evakuering om nordmenn vert smitta av ebola medan dei hjelper til i dei råka landa. Helseminister Bent Høie har også delteke i eit internasjonalt ebolatoppmøte i USA.

Til no har Noreg gitt over 80 millionar kroner for å nedkjempe ebola. Kravet frå hjelpeorganisasjonane er at det også må vurderast å sende personell, noko som skal vere under evaluering hos norske styresmakter.

SISTE NYTT

Siste nytt