Hopp til innhold

Eit heilt land innestengt i helga

Det stunder mot helg også i Sierra Leone. Men denne helga blir av den kjedelege sorten. For no har styresmaktene gitt ordre om totalt portforbod i tre dagar. Målet er å stoppe ebolaepidemien, men kritikarane har ikkje trua på noko effekt.

Sierra Leone Ebola

Gatene i Sierra Leone er tomme i dag, etter at styresmaktene har innført eit forbod mot å gå ut, så sant det ikkje står om livet. 30.000 friville skal gå frå dør til dør, og målet er å sette ein stoppar for ebola.

Foto: Michael Duff / Ap

Sierra Leone Ebola

Politiet er sette inn for å halde oppe forbodet mot å gå ut i gatene.

Foto: Michael Duff / Ap

APTOPIX Sierra Leone Ebola

Informasjonskampanjar er det beste våpenet ein har mot ebola. Her frå ein informasjonskampanje i Sierra Leone.

Foto: Michael Duff / Ap
I 72 timer må innbyggjarane i Sierra Leone halde seg innandørs. I same tidsrom vil 30.000 frivillige gå frå dør til dør for å dele ut såpe og for å avdekke døydde personar som ligg gøymde i ulike heimar, og for å frakta dei som er smitta til sjukehus.

«Ose to Ose Ebola Tok»

Aksjonen er kalla «Ose to Ose Ebola Tok» på det nasjonale språket krio, noko som på engelsk vert «House to House Ebola Talk». Styresmaktene går ikkje med på å kalle operasjonen for eit portforbod, og at folk kunne gå ut av huset for dei aller mest naudsynte gjeremåla, slik som å hente vatn.

– Regn eller solskinn, operasjonen skal gå føre seg. I løpet av dei tre dagane skal jobben bli gjort, seier Steven Gaoija, som er sjef for Sierra Leones operasjonssenter for ebola.

Det er mistanke om store mørketal, og at dødstala vil stige med mellom 15 og 20 prosent etter at portforbodet er over. Representantar for styresmaktene i Sierra Leone seier dei frivillige ikkje skal ta seg inn i heimar, men ringe etter ambulansepersonell om dei oppdagar noko mistenkjeleg.

– Ekstraordinære tider, krev ekstraordinære tiltak, sa presidenten i Sierra Leone, Ernest Bai Koroma i går.

Får kritikk

Han oppmoda samstundes folk om å ikkje ta på kvarandre, besøke folk som er sjuke og til å unngå gravferder.

Informasjonskampanjar vert sagt å vere nøkkelen for å stoppe spreiinga av ebola, men det har ikkje vore like enkelt å få ut slik informasjon. Mange er skeptiske til vestlege helsearbeidarar, og mange rykte har spreidd seg utover landet.

I går vart åtte helsearbeidarar funne drepne i Guinea, etter at ei menneskemengda hadde steina dei. Helsearbeidarane vart skulda for å ville spreie viruset, og folk i den vesle landsbyen vart redde og svara med å kaste stein.

Fleire kritikarar meiner det nasjonale portforbodet ikkje vil ha den verknaden som ein håper på, og at det berre vil bidra til større frykt for helsearbeidarar. Legar utan grenser er ei av gruppene som er kritiske. Dei meiner aksjonen vil bidra til at folk går under bakken og at ein set tilliten mellom folk og helsepersonell på spel.

Hamstrar mat

Religiøse og lokale leiarar i hovudstaden Freetown har derimot vore positive til tiltaket.

– Me skal be om at operasjonen set ein stoppar for smitta. Me støtter regjeringa, seier 60 år gamle Samuel Johnson til nyheitsbyrået AFP. Trebarnsfaren har nyleg mista dottera si på grunn av ebola.

I timane før portforbodet trødde i kraft var mange ute i gatene for å hamstre dei varene dei treng for dei neste tre dagane. Om nokre dagar vil ein ha svaret på om den omfattande aksjonen får den verknaden som styresmaktene håper på.

SISTE NYTT

Siste nytt