Hopp til innhold

Frankrike i gang med å bombe IS

Franske fly har gjennomført dei første angrepa mot IS-opprørarar i Irak. Det opplyser president François Hollande sitt kontor fredag formiddag.

IRAQ-SYRIA-FRANCE-RAFALE-CONFLICT

Det er franske fly av denne typen, Rafale-jagarfly, som er sette inn i kampen mot IS.

Foto: - / Afp

France Iraq

President i Frankrike, François Hollande, gav i går grønt lys for franske angrep mot islamistgruppa IS.

Foto: Christophe Ena / Ap

Målet for angrepa skal ha vore IS-mål nordaust i Irak, og måla skal ha blitt totaløydelagde. Det er varsla fleire angrep i dagane som kjem.

Kartlegger områda

Det var i går Hollande stadfesta at Frankrike sluttar seg til USAs luftkrig mot ekstremistane i Den islamske staten (IS).

- Eg har bestemt meg for å svare positivt på førespurnaden frå irakiske styresmakter om å gi luftstøtte, sa François Hollande.

Det skulle altså berre ta ein dag før angrepa var sette i gang.

Frankrike har dei siste dagane flydd over Nord-Irak for å kartlegge området, og for å vite betre kva mål som er aktuelle å angripe.

Stor internasjonal mobilisering

Pernille Rieker

Pernille Rieker, seniorforskar ved NUPI, trur Frankrike ønskjer å bidra i Irak for å vise fram si militære styrke.

Foto: NUPI

Hollande har sagt det ikkje er aktuelt med fransk militær aktivitet i Syria.

– Me kjem ikkje til å gå lengre enn dette. Det kjem ikkje til å bli nokre bakkestyrkar, og me kjem berre til å gripe inn i Irak, slo president Hollande fast.

Tidlegare har USA angripe fleire mål i Nord-Irak, for å hjelpe dei kurdiske og irakiske styrkane som kjempar mot IS. Det er no ei større internasjonal mobilisering under planlegging, og 40 land er utfordra av USA til å bidra.

Noreg kunngjorde i går at Forsvaret sender fem stabsoffiserar for å bidra til opplæring av irakisk personell.

Seniorforskar ved NUPI, Pernille Rieker, trur Frankrike vel å bidra med flyangrep fordi dei har eit ønskje om å vise styrke.

– Frankrike er opptekne av internasjonal prestisje. Det er mykje snakk om at Tyskland har teke over leiarrolla i Europa. Frankrike er Europas militærmakt, og her kan dei vise styrke, seier Rieker.

Viktig for USÅ å få støtte

Ho viser også til at Frankrike lenge har vore opptekne av å kjempe mot internasjonal terrorisme, og landet har tidlegare vore særs sentrale i Vest-Afrika der dei har kjempa mot terroristgrupper i Sahel-regionen.

Rieker meiner det også er viktig for USA at Frankrike no bidreg.

– Det er viktig for USA at også andre land støtter opp om koallisjonen. Mange arabiske land ønskjer ikkje å vere del av ein koallisjon som berre er støtta av USA, seier Rieker.

Sjølv om det er president Hollande som står i fronten trur ikkje Rieker at det er han som er den avgjerande faktoren her, men at det er Frankrike som nasjon som er villige til å bidra.

– Eg trur ikkje ein annan president ville velt noko anna. Tradisjonelt har det vore stor eining om fransk forsvars- og utanrikspolitikk. Nokon kritikarar seier det vil koste mykje pengar, og i ei økonomisk krisetid kan det vere problematisk, men det kan også hjelpe Hollande som slit på meiningsmålingane, seier Rieker.

Pernille Rieker kommenterer

SISTE NYTT

Siste nytt