Hopp til innhold

67 sørafrikanarar omkom i bygningskollaps i Nigeria

Bygningskollapsen på eit kyrkjeområde i Lagos i Nigeria sist fredag kosta 67 menneske livet, alle sørafrikanske statsborgarar. Dei var der for å høyre presten T.B. Joshua, også kalla «Profeten».

Bygningskollaps i Lagos i Nigeria.

67 sørafrikanarar omkom då gjestehuset til eit kyrkjesamfunn kollapsa i Lagos i Nigeria fredag.

Foto: Sunday Alamba / Ap

Det var ein sorgtung president Jacob Zuma som i ein direktesendt tale på sørafrikanske fjernsyn i kveld fortalde at offera etter bygningskollapsen var sørafrikanarar.

T.B. Joshua, også kalla "Profeten".

Evangelisten T.B. Joshua, også kalla «Profeten», trekkjer tusenvis av menneske til gudstenestene sine.

Foto: Carley Petesch / Ap

– Det er svært trist for meg å opplyse om at 67 sørafrikanarar omkom, og mange andre vart skadde, då ein bygning ved Synagogue Church of All Nations i Lagos kollapsa, sa Zuma. Han sa også at det aldri har skjedd tidlegare at så mange sørafrikanarar har mist livet på ein gong i utlandet.

Tre nye etasjar

Det var gjestehuset til kyrkja som kollapsa fredag. Det skjedde medan bygningsarbeidarar var i ferd med å byggje tre nye etasjar på bygningen. Det var minst fem grupper frå ulike sørafrikanske kyrkjesamfunn i bygningen då kollapsen skjedde.

Redningsarbeidarar i Lagos seier til nyheitsbyrået AFP at talet på omkomne kan kome til å stige ytterlegare. I alt 131 menneske, som var inne i bygningen då han kollapsa, overlevde.

Dei mange tilreisande vitja kyrkja i den nigerianske storbyen for å høyre ein av dei mest populære evangelistane i det vestlege Afrika, T.B. Joshua, som går under tilnamnet «Profeten». Tusenvis av menneske kjem frå Afrika og fleire andre stader i verda for å høyre den kontroversielle presten.

Restane av den kollapsa bygningen i Lagos.

Bygningskollapsen inne på kyrkjeområdet var total.

Foto: Sunday Alamba / Ap

– Kan lækje Aids

Bygningskollaps i Lagos i Nigeria.

Det var enorme øydeleggingar etter bygningskollapsen, som kosta 67 sørafrikanarar livet.

Foto: Sunday Alamba / Ap

T.B. Joshua og den indre sirkelen av hjelparar rundt han har ord på seg for å ha heilt spesielle evner til å lækje sjuke, også sjukdomar som blir rekna som ulækjelege, som HIV og Aids. Dette har gjort den populære presten og evangelisten svært omstridd.

Nyheitsbyrået Reuters melder at medlemer av kyrkjelyden først hindra redningsmannskap å kome inn på området like etter kollapsen skjedde, og at dei ikkje slapp inn på ulukkesstaden før dagen etter.

Tilstrøyminga for å høyre T.B. Joshua er så stor at det opphavlege gjestehuset vart altfor lite, og derfor vart arbeidet med å byggje tre nye etasjar sett i ver. Møta i kyrkja kan vare i opptil ei veke, blir det fortalt.

Bygningskollaps i Lagos.

Redningsarbeidet etter bygningskollapsen kom ikkje skikkeleg i gang før laurdag.

Foto: Sunday Alamba / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt