Flaumvatnet er no i ferd med å trekkje seg tilbake, og det gjer at øydeleggingane blir meir og meir synlege. Den til vanleg svært vakre hovudstaden i den indiske delen av Kashmir, Srinagar, har bokstaveleg tala vore heilt under vatn.
No er store delar av byen ikkje til å kjenne igjen. Flaumen er den verste i området på over 100 år.
Ein journalist frå nyheitsbyrået AFP fortel at det luktar død i byen. Store mengder dyrekadaver ligg spreidde rundt i gatene, og det er frykt for at smittsame sjukdomar kan spreie seg.
Båtar og helikopter
– Dette er ikkje nokon flaum, det er ein tsunami, seier Mehraj-Ud-Din Shah, leiar for Katastrofeberedskapen i den indiske delen av Kashmir.
Soldatar og redningsarbeidarar brukar båtar og helikopter for å få delt ut mat og medisinar. Folk sit på hustak og ropar og viftar med armane for å gjere redningsarbeidarane merksame på at dei er der.
Det kraftige monsunregnet, den etterfølgjande flaumen og dei mange jordskreda har gjort at 480 menneske har mist livet i den indiske og den pakistanske delen av Kashmir dei siste par vekene.
TV-bilete viser at heile landsbyar er fullstendig øydelagde fleire stader. Fleire demningar har vorte knuste av dei enorme vassmengdene, og vatnet har sveipa med seg alt som har vore i vegen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Reagerer med sinne
På den indiske sida av grensa har mange heimlause reagert med sinne på det meiner er altfor treigt hjelpearbeid. Nokre redningsarbeidarar har vorte angripne av rasande.
– Mine menn har vorte banka opp, dei har pepra båtane våre med stein. Når folk er desperate kan dei gjere kva som helst. Dei meiner styresmaktene ikkje gjer noko for å hjelpe dei, seier Mehraj-Ud-Din Shah til AFP.
Tenestemenn i både India og Pakistan seier at det er altfor tidleg å slå fast det endelege omfanget av denne katastrofen. Det er frykt for at talet på omkomne kan stige. Mange vegar er framleis uframkomelege, og redningsmannskapa har store problem med å kome fram til dei mange isolerte.
– Gret både natt og dag
Det er oppretta leirar for heimlause etter flaumen fleire stader både på den indiske og den pakistanske sida av grensa.
– Borna får ikkje mjølk og dei gret både natt og dag. Vi får ris, men born treng brød og ris, seier ei fortvilt mor, Fizza Mai (45).