Hopp til innhold

Halve garden minelagt

Brcko, Bosnia: Bonden Dubravko driv gard midt i eit minefelt. Men no kan ny norsk teknologi kome han til unnsetning.

Mjølkebonden Dubravko

Mjølkebonden Dubravko driv gard midt i eit minefelt. Han er frustrert over kor lang tid det går å rydde opp minene i Bosnia.

Vi går nedover eit jorde som bonden Dubravko sjølv har rydda for miner. Bonden forsikrar det er trygt fram til elektrisitetsgjerdet han har sett opp for å hindre at kyrne går ut i minefeltet.

Føre oss ligg elva Sava som dannar grensa mellom Bosnia og Serbia. Dette var frontlinja under krigen, fortel han. Hundre meter bak oss ligg våningshuset på garden.

Han forklarar at han veit kor minene ligg, for han var sjølv med på å legge dei ut då han var soldat under krigen.

- Eg vart skoten på trappa der, fortel Dubravko. Eg vart skoten medan eg forsvarte jorda mi og dei som budde her fortel han.

Bonden i minefeltet

Dubravko viser kor fronten gjekk. Det er vanskeleg for utanforståande å sjå forskjell på trygg og utrygg grunn.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

På andre sida av Sava bur bestevenen, ein serbisk bonde. Gardane deira grensar til kvarandre. Under krigen låg bøndene og sikta på kvarandre i fleire månadar. Dei var kalla inn av heimevernet i sine respektive land. På begge sider av elvebanken vart det lagt ut store mengder antipersonell miner. Men ingen av bøndene langs Sava ynskte eigentleg å krige mot kvarandre. Dei var jo naboar.

Så det kom ikkje til skyting før den serbiske hæren rykka inn. Begge naboane vart skotne, men dei overlevde. Etter krigen er dei like gode vener, forsikrar Dubravko.

- Krig er ikkje noko bra for vanlege folk, seier han tenksamt.

Minehund i arbeid

Minehund i arbeid i Brcko. Hundane er effektive minejegarar, men det er få av dei.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Får ingen hjelp av staten

Garden hans såg ut som eit månelandskap etter krigen. I fem år har han no sakte men sikkert byrja bygge seg opp igjen. Men minene gjer livet surt for både folk og fe. Kor skal ungane leike? Kor skal kyrne gå? Han kan ikkje eingong hogge ved i sin eigen skog, han må kjøpe veden. Og han må kjøpe fôr, fordi han berre kan dyrke 5 av 10 hektar på garden.

Bonden har glimt i auge og prøvar å sjå humoristisk på det. men han vedgår at minefaren tærer på humøret og pågangsmotet.

- I fem år har eg trygla den bosniske staten sin mineryddarorganisasjon (BHMAC) om å rydde minene her. Dei har ikkje eingong kome på synfaring, vi er ikkje prioritert, seier dei. Det er frykteleg, fortel bonden.

Minefare Brcko

Fareskilt ved elva Sava i Brcko. Ein stor flom i vår flytta på minene, og ein må byrje å rydde området på nytt.

Får han rydda jorda for miner hevdar Dubravko han lett kan tilsette ti personar på heiltid. Viktige arbeidsplassar i eit land med stor arbeidsløyse. Og naboane kan gjere det same. I heile landsbyen er tjuefem hektar matjord minelagt. Det tilsvarar 350 fotballbaner.

NRK besøker bonden saman med mineryddarane til norsk folkehjelp. Dei får ein god attest av bonden Dubravko. Han fortel den norske organisasjonen er dei einaste mineryddarane som har sett sin fot på garden. Og det gjev han håp, midt i all frustrasjonen.

Ny norsk teknologi kan gjere det enklare å rydde miner

Ved minehundskulen til norsk folkehjelp i Sarajevo, viser leiar Terje Berntsen NRK rundt i kennelen. Her blir det trent opp 50-80 minehundar i året. Hundane blir sendt ut i oppdrag over heile verda.

Desse hundane har letta arbeidet med å finne miner. Dei gjer ein jobb metalldetektorar ikkje kan gjere. Dei kan lukte minene i mineralrik jord. Og dei arbeider raskt og effektivt.

Terje Berntsen NPA

Terje Berntsen frå Norsk Folkehjelp utviklar no eit nytt system som vil gjere minerydding med hund meir effektivt.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

I Bosnia har hundane gjort ein stor innsats, fortel berntsen. Men framleis er utfordringane store. Over ti personar har gått på miner berre i år. To av dei var born. Sidan 1996 er over 500 menneske drepne og snart 2-tusen skadde i mineulukker. 2,4% av landet er minelagt. Berntsen er klar over utfordringane til bønder som Dubravko.

- Per innbyggar er det faktisk fleire som er påverka av minefare i Bosnia enn i Afghanistan. Det er ikkje det alle som trur, fortel Berntsen.

Likevel har bosniske styremakter som mål å fjerne alle minene innan 2019. Og Berntsen utviklar no eit nytt system som skal gjere det mogleg å nå dette målet. Hundane skal bli enda raskare ved hjelp av teknologi.

I minefeltet

NRKs journalist trakkar seg forsiktig ut i eit minefelt som Norsk Folkehjelp er i ferd med å rydde.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Vil fjernstyre minehundar med GPS

Han har nemleg tenkt å utstyre dei med GPS og kamera. Og han vil fjernstyre hundane ved hjelp av kommandoar gjennom øyretelefonar. Dette vil lette arbeidet med å drive minerydding i områder med mykje vegetasjon eller skog, som finst i mange minelagde land som til dømes Bosnia og Kambodsja.

- Det er rom for svært stor produktivitetsauke med dette systemet, fortel Berntsen.

Men som alltid er det eit spørsmål om pengar, noko den bosniske staten har lite av. Men Berntsen seier det er innleia fleire samarbeidsprosjekt.

- Vi driv no kompetansebygging av mineryddarane til den bosniske armeen. Dei har 34 lag, Norsk Folkehjelp har 6 og vi ryddar akkurat like mykje, fortel Berntsen. Det er rom for forbetring med andre ord.

Vil skape eit levande lokalsamfunn

Tilbake ved elvebredda til Sava sit bonden Dubravko og diskuterer heftig med mineryddarane til Norsk Folkehjelp. Han snakkar om minefeltet bak fjøsen. Ei konstant kjelde til frykt og frustrasjon.

- Det gjer meg so sint når eg snakkar med borgarmeisteren her i Brcko. Eg klarar ikkje skjule det. Tenk at vi 19 år etter krigen framleis bur 100 meter frå eit minefeltet. Det er frykteleg, seier han.

Målet til bonden er at ungane ein kan springe fritt rundt å leike i eit levande lokalsamfunn. Men først må minene vekk.

Minehund trener i Sarajevo

Minehundar blir trente ved Norsk Folkehjelp sitt senter i Sarajevo. Snart vil dei få GPS og bli fjernstyrte.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt