Hopp til innhold

Obama vil stoppe amerikansk «drapsritual»

– Eit ritual, kallar president Obama dei mange skytemassakrane i USA. No krev presidenten nok ei gong strengare våpenlovar, og nok ei gong vil han møte motstand.

Barack Obama

President i USA, Barack Obama, har tidlegare forsøkt å forby sal av halvautomatisk våpen og innføre strengare bakgrunnssjekk av våpenkjøparar utan å lukkast. No tek han på ny til orde for ei innstramming av amerikansk våpenlov.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / Ap

– Det skjer så ofte at det nærast kan kallast for eit ritual, seier Obama om dei mange skytemassakrane i USA.

Det er berre få dagar sidan 12 menneskeliv måtte gi tapt då ein mann starta å skyte inne på ei marinebase i Washington. For Obama og amerikanarar flest er ikkje skytemassakrar noko nytt. I amerikanske heimar finst det fleire hundre millionar våpen, og årleg vert over 8.000 menneske drepne ved hjelp av desse.

Retten til å eige eit våpen er nedfelt i den amerikanske grunnlova, og hensikta er at det skal vere mogleg å forsvare seg mot angrep, men mange, deriblant Obama, meiner at lova har hatt den motsette verknaden litt for ofte.

Obamas forslag falt i april

– Dette var ein skamfull dag for Washington, sa Obama i april.

Då hadde nettopp det amerikanske senatet stemt ned eit forslag som stiller strengare krav til kven som kan kjøpe våpen, samt eit forbod mot halvautomatiske våpen.

Det var presidenten sjølv som hadde sett seg som eit mål å få innført strengare lovar etter at 20 skuleborn og seks vaksne vart drepne i Newton-massakren i Connecticut før jul i fjor. Etter måndagens skytedrama varslar presidenten at han på ny vil ta opp kampen om ei strengare våpenlov.

Felt av eit mindretal

Men å gjere det vanskelegare å eige våpen er ikkje ei populært politisk sak i USA, der det ifølgje spørjeundersøkingar finst våpen i kvar tredje heim. Sterke lobbygrupper jobbar mot ei innstramming, og då Obamas nye våpenlov var oppe til vurdering i senatet i april stemte også fleire av hans partifellar mot forslaget.

– Ein minoritet klarte å blokkere dette forslaget. Dette kompromisset representerte sunn fornuft, men republikanarane klarte å lyge om lova og skildra det som eit overtramp frå ein mektig stat. Det ville det ikkje ha vore, sa Obama etter at hans forslag ikkje klarte å få den naudsynte støtta frå 60 av 100 senatorar.

Lobbyverksemd frå mektig våpenindustri

No tek altså presidenten på ny til orde for å avgrense tilgangen på våpen i USA, og ber nok ei gong kongressen vedta strengare våpenlovar. Obama meiner at eit overveldande fleirtal av amerikanarane er einige med han.

– Alle uttrykker forståeleg gru for det som har skjedd. Me gir vår støtte til familiane, og likevel er me ikkje i stand til å gjere grunnleggjande tiltak, seier Obama til TV-kanalen Telemundo.

Vanlegvis er opposisjonen i USA dei sterkaste tilhengjarane til våpenlova, men også fleire av presidentens eigne partifellar, frå dei mest konservative delstatane i USA, stemte mot ei lovinnstramming i april.

Og bak politikarane som stemmer ned innstrammingsforslaga står ein stor våpenindustri, og mektige interessegrupper, som alle jobbar med å overtyde politikarane om at våpenlova må få vere som den er, trass i dei gjentakande massakrane i USA.

Amerikansk våpenstatistikk

 

Andel som eig våpen personleg

Menn

47%

Kvinner

13%

Busette i Aust-USA

22%

Midtvesten

34%

Sørlege USA

36%

Vest-USA

23%

Sympatisørar -Republikanarane

41%

Sympatisørar - Demokratane

23%

Partipolitiske uavhengige

27%

18 - 29 år

21%

30 - 49 år

32%

50 år og eldre

31%

Kvit hudfarge

33%

Anna hudfarge

18%

Totalt

30%

Ekspander/minimer faktaboks
US Guns on Buses Ray Kelly

Politiet i New York synte fram store mengder våpen som dei hadde tatt beslag på etter at ein våpensmuglarbande hadde blitt avslørt medan dei smugla våpen mellom New York og North og South Carolina. New York er ein av statane i USA med strengast våpenlov.

Foto: Mark Lennihan / Ap