Hopp til innhold

Drapsmannen har marinebakgrunn

FBI stadfestar i kveld at drapsmannen som vart funnen død inne i bygningen der minst 12 menneske vart drepne i Washington i dag, truleg er ein 34 år gammal mann frå Texas.

FBI ber om informasjon om Aaron Alexis.

FBI ber på denne plakaten om hjelp til å finne ut meir om Aaron Alexis.

Foto: Ap

Ein amerikansk tenestemann seier at 34 år gamle Aaron Alexis tenestegjorde i reservestyrkane til den amerikanske marinen frå mai 2007 til januar 2011.

Det er uklart om han nokon gong har jobba inne på marinebasen US Navy Yard i Washington, der massakren skjedde i dag.

Jaktar på medsamansvoren

Skyting på marinebase i Washington.

Mange av dei evakuerte var i sjokk då dei kom ut av bygningen i Washington.

Foto: WIN MCNAMEE / Afp

Det er førebels uklart om Alexis var åleine om å ta livet av 12 menneske i ettermiddag. Politiet jaktar framleis på ein mogleg gjerningsmann til, men det er mogleg at 34-åringen var åleine om udåden.

Det er klart at Aaron Alexis også har eit kriminelt rulleblad. Fleire kjelder opplyser at han har vore fengsla for eit «våpenrelatert forhold».

Han er fødd i 1979 i Fort Worth i delstaten Texas. Han budde og arbeidde i Texas då han slutta i reservestyrkane til marinen i 2011. Det er uklart om han vart sparka frå jobben.

13 stadfesta døde

13 menneske er døde etter massakren på marinebasen, inkludert gjerningsmannen. Tre menneske er hardt såra, men sjukehuset opplyser at dei truleg vil overleve.

Det er rundt 3000 tilsette ved US Navy Yard i Washington. Det er ikkje kjent korleis Alexis kom seg inn på basen, men ein teori er at han hadde adgangskortet til ein som jobba der.

LES OGSÅ: Vitner: Han siktet på oss og skjøt

LES OGSÅ: Minst 12 drept i skytedrama på marinebase i Washington

SISTE NYTT

Siste nytt