Hopp til innhold

Aktor ber om minst 60 år for Bradley Manning

Aktoratet ber om minst 60 års fengsel for den amerikanske soldaten Bradley Manning, som er dømd for spionasje, tjuveri og brot på militære reglar.

Bradley Manning blir ført inn i rettssalen.

Bradley Manning vart ført inn i retten i Fort Meade i Maryland i dag.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Bradley vart frikjend for det mest alvorlege tiltalepunktet, at han skulle ha ytt bistand til fienden.

Han er likevel dømd for fem brot på spionasjelova , fem tilfelle av tjuveri, eitt tilfelle av datasvindel og fleire brot på militære reglar. Strafferamma for dei brotsverka har er funnen skuldig i er 136 års fengsel. Det er venta at straffeutmålinga vil bli klar i løpet av denne veka.

– Ein sterk bodskap

Kaptein Joe Morrow er aktor i Bradley Manning-saka

Aktor, kaptein Joe Morrow, bad om minst 60 års fengsel for Bradley Manning.

Foto: Cliff Owen / Ap

Aktor, kaptein Joe Morrow, sa i sitt innlegg i rettssalen i Fort Meade i delstaten Maryland i dag at det er naudsynt med ei streng straff for å sende ein sterk bodskap til alle soldatar som kunne tenkje seg å stele hemmeleg materiale.

Forsvararen til Manning vil leggje fram sitt syn på straffeutmålinga seinare.

Manning har sagt seg skuldig eller delvis skuldig i ti av dei 22 tiltalepunkta. Dette betyr at han vil bli dømd til minst 20 års fengsel. Punktet om å ha ytt bistand til fienden, kunne gitt livstidsdom. Etter amerikansk militærlov kunne dette lovbrotet opne for dødsstraff, men aktor bad om livstid.

Bradley Manning står bak ei rekkje lekkasjar av gradert materiale frå det amerikanske forsvaret til varslarorganisasjonen Wikileaks.

Nominert til Nobels fredspris

Mange meiner Bradley Manning ved desse lekkasjane har gjort verda ei stor teneste, ved å vise at USA har gjort seg skuldig i klare brot på internasjonale reglar.

Manning er også nominert til Nobels fredspris , ein nominasjon som blant anna er støtta av det norske regjeringspartiet SV .

Manning vart arrestert og fengsla i mai 2010, sikta for å ha gitt Wikileaks over 700.000 graderte dokument med blant anna opplysningar om USAs krigføring i Afghanistan og Irak.

LES OGSÅ: Bradley Manning beklager sine handlinger

LES OGSÅ: Samlet inn 100.000 underskrifter for at Manning skal få fredsprisen

LES OGSÅ: Hvorfor USAs overvåkning burde bekymre oss

LES OGSÅ: Advokat: – Manning ville risikert fengsel også i Norge

LES OGSÅ: – Ingen av de omtalte drept på grunn av Mannings lekkasjer

SISTE NYTT

Siste nytt