Minibuss og personbil i front mot front-kollisjon, der minibussen hadde hamna på taket. Ingen i bilane brukte bilbelte.
Det var svært uoversiktleg. Folk stod der bare og såg på. Gjorde ingenting, anna enn å be til gud. Mange grein. Fleire var skadde. Ein blødde frå hovudet - ein kunne sjå inn i skallen hans. Ei hadde kutta seg stygt i beina, og eit par andre hadde smerter i brystet og vanskar med å puste.
Ei stor folkemengde hadde samla seg rundt ulukkesstaden. Eit ganske vanleg syn i eit land som Malawi. Her er trafikken det farlegaste ein kan utsetje seg for. Den er rett og slett livsfarleg, spesielt for dei som går og syklar langs vegen. Og dei er det mange av i Afrika.
- Les også:
Artikkelen held fram under biletet
Ingen ambulanse
Det skjedde på ferietur i Afrika i slutten av juli. Vi var fire kameratar, som alle (heldigvis) har sanitetutdanning frå førstegongsteneste og befalsskule i Forsvaret. Ein er også sjukepleiarstudent. Vi visste at trafikken i Afrika er farleg, og hadde difor med ein ryggsekk med førstehjelpsutstyr. Sånn for å vere på den trygge sida. Vi fekk dessverre bruk for den.
Ei kvinne sat på bakken og ba høglytt til gud. Ho sat i minibussen som hamna på taket, og brukte heller ikkje bilbelte. For mange i Malawi er ikkje trafikktryggleik så viktig, for dei trur at hendingane i livet er lagnadstyrt.
Mange folk hadde samla seg rundt ulykkestaden. Sikkert 150 personar. Ingen hadde ringt etter hjelp. Ingen hadde sikra skadestaden. Ingen behandla pasientane. I 45 minutt måtte reisefølget mitt fungere som politi, ambulanse og brannvesen på same tid - dirigere trafikken, behandle skadde og sende folk avgarde til sjukehus med forbipasserande bilar. Det var ingen ambulanse å oppdrive.
Dette var ei oppleving som også viser dei store skilnadane mellom Afrika og Europa. For i vesten hadde desse pasientane fått status som traumepasientar og blitt sendt raskt til sjukehus, gjerne med helikopter. I Afrika mistar mange livet rett og slett fordi dei ikkje får hjelp.
Artikkelen held fram under vidoen
Ingen døde
Etter tre kvarter kom to lokale politimenn haikande med ein lastebil til staden. Det første spørsmålet vi fekk frå dei var: «Er det nokon døde her?»
Det er nemleg så vanleg at folk dør i trafikken i Malawi, at det er difor dødsspørsmålet er det første som blir stilt.
Heldigvis mista ingen livet i trafikkulukka som skjedde nokre mil sør for byen Dedza, på grensa til Mosambik. Ingen vart heller alvorleg skadd. Tilsynelatande.
Fleire og fleire dør
Trafikkulukkene i utviklingsland er i ferd med å bli eit av dei aller største helseproblema i verda. Verdens helseorganisasjon (WHO) fryktar at trafikkulukker vil forårsake fleire dødsfall enn HIV/aids, diabetes og hjartesjukdommar dei neste 15 åra. I dag døyr 1,3 millionar menneske i trafikken.
I dag skjer ni av ti dødsulukker i verda i fattige land, som til dømes Malawi. Standarden på bilparken er generelt ganske dårleg, farten på dei store og fine vegane som EU har sponsa er høg, og overfylte lasteplan og minibussar er eit heilt vanleg syn.
Det går folk overalt. Ein kan knapt sjå ein asfaltmeter der det ikkje er folk. Dei spaserer og syklar langs vegane, og bilane susar forbi - i høg fart. For det er liten respekt for mjuke trafikantar og for fartsgrenser.
Mange stader må ein også krysse vegen for å hente vatn, på vegar der fartsgrensa er over 100 km/t. Mange born mistar livet på grunn av dette.
Trafikkreglane er på plass, men blir i liten grad handheva sjølv om det er politifolk overalt. For det skal dei ha; politifolk er det nok av i Malawi. Det er meir vanleg å sjå politiet der enn i Noreg. Men sjølv om det til dømes er påbode å nytte bilbelte, er det nesten ingen som brukar det. For det blir ikkje slått ned på.
Køyr forsiktig.