Litt motvillig let hotelldirektøren Eugen Kaiser seg fotografera av NRK dagen etter at han slapp ut frå 72 timar i politiet sin varetekt.
Han er ein av dei 74 personane som blei arresterte under ein massiv razzia mot det politiet meiner er ein stor svindelbande på den populære spanske ferieøya.
– Det var eit fullstendig kaos her. Politiet storma inn dørene utan ransakingsordre og pågreip alle dei såg, inkludert folk på gata utanfor som ikkje eingong jobbar på hotellet. Gjestene var skrekkslagne, fortel hotelldirektøren.
- LES OGSÅ: Pensjonistpar svindlet på Gran Canaria
– Ein «setup»
Kaiser inviterer NRK med inn på eit lyst og romsleg kontor på det berykta aparthotellet.
Med seg har han to advokatar. Alle tre understrekar at politiet har fått på pukkelen frå dommaren i saka for å ha gått til aksjon utan lovleg autorisasjon og med for svake bevis.
Hotelldirektøren avviser tvert at dei driv med lyssky verksemd.
Han hevdar at svindelskuldingane mot han er ein stor svertekampanje med Alberto García i interesseorganisasjonen Mindtimeshare i spissen.
– Dette er ein «setup» frå folk som vil ha oss ut av bransjen fordi me er dyktige, seier Kaiser som også viser til ein over ti år lang økonomisk feide med García.
Hotelldirektøren og kjærasten driv i tillegg selskapet Canary Legal Alliance, som tilbyr juridisk rådgjeving til timeshare-kundar som føler seg svindla og vil gå til sak for å få tilbake pengane sine.
– Me står bak 1100 søksmål mot timeshare-kompleks. Det er økonomiske motiv som ligg bak heile denne aksjonen mot oss. Skuldingane har ikkje rot i verkelegheita, hevdar Kaiser.
No varslar han søksmål og erstatningskrav mot Mindtimeshare og politiet, både for tapt forteneste, den offentlege audmjukinga og for skaden saka gjer på omdømet til hotellet og ferieklubben.
– Klagar fordi dei angrar
Ifølgje García og Mindtimeshare, som melde saka til politiet, er hotellkomplekset Club Puerto Atlantico hovudbasen til svindelbanden.
Organisasjonen meiner svindlarane har lurt turistar for fleire titals millionar kroner ved å tilby dyre ferieklubb-medlemskap i Lifestyle Holidays, der kundane får lite eller ingenting att for pengane sine.
Mindtimeshare avviser at dei har andre motiv enn å avsløra det de meiner er organisert svindel av turistar og tvilsame salsmetodar.
BAKGRUNN: Alt om turistsvindel-saka på Gran Canaria
Etter å ha omtalt massearrestasjonane har NRK berre sidan tysdag blitt kontakta av eit titals nordmenn som enten føler seg svindla, eller som fryktar for pengane sine etter nyleg å ha signert kontrakt med ferieklubben.
– Dette veit eg ingenting om. Mange er misnøgde seier du, men fakta er at ingen av kundane som bur her på hotellet er utilfredse. Kva erfaringar Lifestyle Holiday-medlemmer har frå andre hotell, kan ikkje eg svara for, seier direktøren ved Club Puerto Atlántico til NRK.
Michael Gadman er eitt av namna som har blitt nemnt av nordmenn NRK har vore i kontakt med som føler seg svindla etter kjøp av Lifestyle Holidays-medlemskap på Club Puerto Atlántico.
Når NRK møter den danske ferieklubb-seljaren, er også han nyleg lauslaten frå fengsel etter razziaen på hotellet.
Gadman seier han står hundre prosent inne for produktet han sel.
– Det som ofte skjer, dei såkalla misnøgde kundene du les om i media, har aldri vore fullteikna kundar. Dei skriv kontrakt med oss og kanskje betalar eit depositum. Når dei kjem heim frå ferien angrar dei. Dei har aldri prøvt å booka ein ferie med oss. Slik eg ser det, kan ein ikkje klaga på eit produkt som ein aldri har prøvt ut, seier seljaren.
Forsvarar bruken av skrapelodd
Hotelldirektør Eugen Kaiser viser til ein rapport frå spanske forbrukarstyresmakter, som viser at hotellet per juni i år hadde seks pågåande forbrukarsaker mot seg, derav éi norsk.
– Det er ikkje uvanleg når ein vurderer det opp mot omfanget av verksemda vår, meiner han.
Meiner du at alle dei NRK har snakka med som føler svindla lyg?
– Nei, eg seier ikkje at dei lyg, men kvar er bevisa? Media snakkar om ein haug med misnøgde kundar, men då må det i tilfelle vera snakk om folk som har blitt skremde som følgje av aksjonen mot oss denne veka.
Han avviser også at dei ikkje opplyser om angrefrist i kontrakten, og at dei ikkje svarar på telefon og e-post når medlemmer ringjer for å booka opphald, slik NRK har fått fortalt frå tipsarar.
Bruken av skrapelodd der alle får gevinst, er ein heilt vanleg og kurant metode for å få kundane med på visningar og salsprosessar, meiner direktøren som likevel avviser at turistane blir lova lokkegevinstar som dei ikkje får.
– Nei, det er ikkje lureri, det er same salsteknikken som alle andre brukar i denne bransjen, seier han og ramsar opp Anfi del Mar, Holiday Club FInland og Atlantic Beach Club.
Club Puerto Atlántico var i politiet sitt søkjelys for liknande skuldingar i 2006. Den gongen blei 28 personar arresterte, men saka blei lagd vekk. Også den gongen var det Mindtimeshare som stod bak, ifølgje hotellet.