Hopp til innhold

Rasande på den egyptiske hæren

Tilhengarane av presidenten i Egypt, Mohamed Morsi, er rasande på hæren som dei meiner er i ferd med å gjennomføra eit statskupp. Muslimske geistlege trugar med heilag krig.

Tilhengarar av Mohamed Morsi i Kairo

Fatema Mohamed er blant dei som støttar Mohamed Morsi og som vil kjempa i front dersom det skulle oppstå borgarkrig i landet.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Jan Espen Kruse, Egypt
Foto: NRK

Heile Egypt ventar i frykt og spenning på kva som vil skje no når klokka har slått 17 onsdag.

Den mektige hæren i Egypt har gitt presidenten Mohamed Morsi dette tidspunktet som frist for å finna ei løysing på den djupe politiske krisa som har bygd seg opp i kjølvatnet av revolusjonen.

Opposisjonelle som meiner Morsi må tre av har samla seg i hopetal på Tahrir-plassen i Kairo. Eit lite stykke lenger nordaust i hovudstaden finn me vitnesbyrdet på at folket i Egypt er djupt splitta - tilhengarskaren til Morsi.

– Dersom militæret kjem til makta igjen no, var heile revolusjonen forgjeves. Då er me tilbake til nullpunktet, seier egyptarar i gatene til NRK.

Pro-Morsi-tilhengarar i Kairo

Morsi-tilhengaren Ahmed Khalil fryktar samanstøytar med opposisjonen og ahr utstyrt seg med batong og hjelm

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Åtvarar om heilag krig

Hit til Rabaa Al-adawiya strøymer egyptarane som framleis har trua på at den sitjande presidenten er den rette til å få Egypt på fote igjen.

Ingeniørar, lærarar, og legar har stilt seg på fire rekkjer utstyrte med batongar for å forsvara seg dersom opposisjonen skulle gå til åtak.

Stemninga er svært amper, folk er rasande på hæren, som dei meiner er i ferd med å gjennomføra eit statskupp på ein demokratisk vald president.

Muslimske geistlege har også funne vegen til denne pro-Morsi-demonstrasjonen. Dei vil setja i gong heilag krig mot opposisjonen dersom opprøret endar med ei militær overtaking.

Pro-Morsi-demonstrant i Kairo

- Me kan ikkje forlata Morsi i den situasjonen me er i no, seier Taha Abdel Wahab til NRK.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

– Farleg

Då tida var ute for ultimatet hæren gav Morsi, uttala presidenten at han nektar å gå av, og føresleg i staden at det blir danna ei samlingsregjering med ein statsministert som alle politiske parti kan einast om.

I Egypts gater er folk urolege over kva utfallet vil bli. Kvinnene insisterer på å få kjempa i front dersom konflikten eskalerer ytterlegare.

– Me kvinner skal kjempa for president Morsi framfor mennene. Me er enda modigare enn dei, seier Fatema Mohamed til NRK.

– Hæren er i ferd med å gjennomføra eit kupp. Det er veldig farleg det som skjer no. Me kan ikkje forlata Morsi i den situasjonen me er i no, seier Taha Abdel Wahab.

Wahab og andre Morsi-tilhengarar meiner eit kupp vil riva ned det landet oppnådde gjennom revolusjonen i 2011, som resulterte i slutten på eit fleire tiår langt militærstyre.

Jan Espen Kruse frå Kairo

NRK-journalist Jan Espen Kruse rapporterer frå Kairo onsdag kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt