Hopp til innhold

- Demokratiet i Egypt er i fare

Egypts president Mohamed Morsi sa i ein fjernsynstale i kveld at polariseringa mellom ulike grupper truar demokratiet, og at landet kan bli kasta ut i kaos.

Mohamed Morsi heldt fjernsynstale.

Mohamed Morsi sa at demokratiet i landet er i fare, takka vere «fiendar av Egypt».

Foto: - / Afp

Morsi vedgjekk i talen, som starta klokka 2130 norsk tid, at han hadde gjort fleire feil i løpet av det året han har vore president, men at han har lært av feila.

Han skulda også dei han kalla «fiendar av Egypt» for å sabotere det demokratiske systemet som er innført etter revolusjonen i 2011, der Morsi vart vald til president. Han la ikkje skjult på at det var tilhengjarar av det gamle regimet han sikta til.

Morsi kom også med ein invitt til opposisjonen om å bli med i eit utval som skal foreslå endringar i grunnlova. Han sa at alle partia i parlamentet er inviterte til å bli med i utvalet.

Mostandarar av Morsi følgjer talen.

Mange av Morsis motstandarar fylgde talen frå Tahrirplassen.

Foto: ASMAA WAGUIH / Reuters

Tidlegare i dag vart to menneske drepne og over 230 såra i blodige samanstøytar mellom tilhengjarar og motstandarar av presidenten i byen Mansura nord for Kairo.

Truar demokratiet

– Politisk polarisering og konflikt har nådd eit nivå der det trugar det demokratiske eksperimentet vårt, og som også kan føre til total handlingslamming og kaos, sa han blant anna. Han talte til ei gruppe tilhengjarar frå eit torg i sentrum av Kairo, men talen vart sendt direkte på fjernsyn.

Presidenten vart fleire gonger avbroten av applaus og jubel frå tilhengjarane sine.

Morsi sa at han i løpet av det første året sitt som president har lukkast i ein del ting og ikkje lukkast i andre, og at han også har gjort feil.

Fleire tusen politiske motstandarar var samla på Tahrirplassen, der oppstanden mot Mubarak-regimet starta, for å følgje overføringa av talen på fjernsyn.

Krev Morsis avgang

Motstandarane krev at Morsi skal trekkje seg som president og skrive ut nyval. Dei skuldar presidenten og organisasjonen hans, Den muslimske brorskapen, for å monopolisere makta i landet, og for å ikkje ha løysingar på dei store problema Egypt har.

Protest mot Mohamed Morsi i Cairo.

Motstandarar av Morsi viser si misnøye med talen hans ved å vifte med skoa sine.

Foto: Khalil Hamra / Ap

Opposisjonen har varsla ein landsomfattande protestmarsj førstkomande søndag, og også Morsis tilhengjarar har varsla demonstrasjonar i helga. Hæren har forsterka vakthaldet på stader der dei ventar uro.

Sist søndag åtvara den mektige forsvarssjefen at hæren ikkje ville stå roleg og sjå på at situasjonen i Egypt utvikla seg til kaos. Dette har ført til spekulasjonar om at det kan vere fare for militærkupp i landet, men forsvarssjefen har seinare moderert fråsegnene sine.

Ein representant for den viktigaste opposisjonsgruppa, Den nasjonale redningsfronten seier han ser skuffa over talen til Morsi

Helsa folket før ramadan

Morsi brukte også tid på å helse det egyptiske folket i forkant av den heilage ramadan-månaden, som startar om rundt to veker.

– Eg står framfor dykk som ein egyptisk borgar, ikkje som ein med posisjon, men ein som er redd for framtida til Egypt, sa han også.

SISTE NYTT

Siste nytt