Hopp til innhold

– Den syriske krigen kan starte religiøs krig i Midtausten

I Midtausten fryktar statsleiarar at dei religiøse samansetningane i regionen kan bidra til at den syriske borgarkrigen snart går utover Syrias grenser.

SYRIA-CRISIS/LEBANON Lebanese Army soldier takes position during a clashes in Sidon, southern Lebanon

Ein libanesisk soldat i kamp i Sidon i Sør-Libanon. Den syriske borgarkrigen har bidratt til auka konflikt mellom sunni- og sjiamuslimske grupper også i Libanon og Irak.

Foto: ALI HASHISHO / Reuters

Medan meldingane kjem om at den syriske borgarkrigen til no har kravd 100.000 liv sidan starten i 2011, åtvarar kongen av Jordan om at krigen kan blusse opp ei stor regional konflikt i Midtausten på grunn av dei religiøse samansetningane i regionen.

– Det er heilt klart at den syriske borgarkrigen kan gå frå å vere ein borgarkrig til ein regional og sekterisk konflikt, sa Kong Abdullah ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Kampar i Libanon og Irak

I deler av Midtausten er det særskild spent stemning mellom sunni- og sjiamuslimske grupper. I Irak har 2.000 menneske blitt drepne sidan april i år. Mange av bilbombene i landet har vore retta mot bydelar kor ei av dei to muslimske gruppene er i stort fleirtal.

Også i Libanon har det fleire gonger dei siste vekene vore kampar mellom sunni- og sjiamuslimar. Den spente situasjonen mellom dei muslimske gruppene i både Libanon og Irak er påverka av den syriske borgarkrigen.

Og det er endå fleire partar i saka, som gjer det kompliserte biletet endå vanskelegare. Fleirtalet av dei syriske opprørarane er sunni-muslimar og tek mellom anna mot støtte frå Saudi-Arabia. Også Tyrkia og Libya har tatt opprørarane si side.

Israel med trugslar

Men på den andre sida har den sjiamuslimske gruppa Hizbollah bidratt til å skape endå skarpare skilje mellom dei to gruppene. Og stormakta Iran har også støtta den syriske regjeringshæren i kampen mot opprørarane.

Hizbollahs inntog i konflikten har også fått Israel til å gå ut med truslar om at dei vil svare på eventuelle angrep. På eit tidspunkt var kampane mellom regjerings- og opprørshæren så nær Israels grense at mange frykta ei israelsk innblanding.

– Det er på tide med ein meir seriøs arabisk og internasjonal koordinering for å stoppe den syriske krisa. Dette kan ikkje vente lenger, seier Kong Abdullah av Jordan.

Mideast Syria

Dei menneskelege lidingane er store i Syria. Denne guten sørger over tapet av far sin.

Foto: Rodrigo Abd / Ap

Kristne og jødar involvert

Som om ikkje dei muslimske motsetnadane gjer situasjonen vanskeleg nok, så er også andre religionar representert i regionen. Mellom anna er det ein kristen minoritet på ti prosent i Syria, og i nabolandet Israel er det som kjent jødane som er i fleirtal.

Den kompliserte religiøse samansetninga i Midtausten har skapt trøbbel fleire gonger opp gjennom historia, og går det slik den jordanske kongen fryktar kan dei same religiøse skiljelinjene bidra til regional storkrig.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt