Noreg har vedteke å sende 20 soldatar og fem rådgjevarar til det afrikanske landet, stadfestar Forsvarsdepartementet til NRK.
Det skal vere snakk om 15 soldatar til analyse- og informasjonseininga, 5 stabsoffiserar og fem sivile polititenestemenn som skal drive opplæring gjennom FN. Bidraget vil vare i 12 månadar.
Dette talet kan auke med fem politifolk etter seks månader. Føresetnaden er at dei må kunne snakke fransk, men for tida finst ikkje denne kompetansen i forsvaret, etter det NRK får opplyst.
– Skal hindre terrorisme
– Operasjonen er mellom anna viktig for å forhindre at internasjonale terroristar og organisert grenseoverskridande kriminalitet får fotfeste i landet, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Oppgåvene til dei norske soldatane er å hente inn informasjon for å kunne gjere vurderingar av tryggingssituasjonen i landet.
– Dette er personell som er høgt verdsett, og som er viktig for at ein slik operasjon skal lukkast, seier Strøm-Erichsen til NRK.
Hovudkvarteret for styrkane vil ligge i hovudstaden Bamako.
Før helga vart det kjend at også Sverige bestemte seg for å sende opptil 160 soldatar til landet. Dei legg opp til å bidra med ei flytransporteining, ein flytryggingsstyrke og ei nasjonal støtteeining.
Forsvarsministeren i Sverige Karin Enstrom sa i det høve at det var venta at både Noreg og Danmark deltek i FN-styrken.
FN-styrken har fått mandatet sitt frå Tryggingsrådet i FN, og skal etter planen bestå av opptil 11.200 soldatar og 1.140 politifolk, samt sivilt personell.
Sa nei i februar
Noreg har tidlegare i år sagt nei til å sende soldatar til Mali som ein del av eit EU-samarbeid om opplæring av militæret i landet.
– Det er klokt av Noreg å ikkje bidra med militær kapasitet i ein borgarkrig med etniske skiljeliner, sa utanrikspolitisk talsperson i SV, Snorre Valen.
Valen seier no til NRK.no at partiet støttar dei fredsbevarande styrkane frå FN.
– Det me stemte nei til i februar var å trene opp den eine parten i ein borgarkrig. No me gjer no er å bidra med kapasitet til leiinga i ein FN-leia aksjon. Eg meiner dette er viktig og riktig å gjere, seier Valen.
Konflikten i Mali har vart i over to år, og det er lyst ut val i landet 28. juli. Då har landet vore utan folkevald president i eitt og eit halvt år. Ein demokratisk vald leiar vert av mange sett på som eit minstekrav for å få til fred i det vestafrikanske landet.