Hopp til innhold

Erling Borgen: – Manning fortener nobelprisen

Erling Borgen meiner Bradley Manning heller skulle fått Nobels fredspris, i staden for å risikere 154 år i amerikansk fengsel.

Montasje Manning og Borgen
Foto: Heiko Junge / NRK

– Eg synest det er heilt fantastisk at nokon har foreslått han til Nobels fredspris. Eg synest han er ein flott kandidat til prisen, seier Erling Borgen til NRK.no, og uttrykkjer dermed si støtte til tre islandske politikarar som i 2012 føreslo Manning til fredsprisen.

– Stor skam at han er tiltalt

Dokumentarskaparen har sjølv vurdert å reise til USA for å vere tilskodar til saka, men er usikker på kor mykje av rettssaka som er open for tilskodarar. Borgen er fast bestemt på at det er feil at Manning sit på tiltalebenken.

– Manning har gjort verda ei teneste ved å fortelje om det som har blitt gjort gjennom å lekke dokument til Wikileaks. Dokumenta har avslørt tortur i Irak og drap på sivile. Eg synest det er ei stor skam at mannen som har fortalt verda om ugjerningane må sitje på tiltalebenken, seier Borgen.

– Har følgt samvitet sitt

«Skrekkeleg uverdig», seier Borgen om USA si behandling av Manning, som har vore fengsla i meir enn 1000 dagar, utsett for tortur og kledd naken.

LES OGSÅ: WikiLeaks-tiltalt: – Jeg ville skape debatt om krigen

LES OGSÅ: Er Bradley Manning en forræder?

– Men USA skuldar han for å ha skada dei i kampen mot terror, bør han ikkje straffast for det?

– Eg meiner han har gjort oss alle ei stor teneste ved å følge samvitet sitt og rapportere om likvideringar, tortur og massedrap. Eg synest difor det er heilt feil at han vert framstilt som landsforrædar, seier Borgen.

Innrømmer skuld på ti av 22 punkt

Då rettssaka mot Bradley Manning starta i Baltimore i dag sa han seg skuldig i ti av dei minst alvorlege tiltalepunkta. Men han innrømmer ikkje skuld på punktet om at han har hjelpt fienden, og han nektar for at han med vilje har hjelpt Al Qaida og deira leiar, Osama bin Laden.

LES OGSÅ: Dette kan være mannen bak krigslekkasjene

LES OGSÅ: Ekstremt sikkerhetsoppbud da Manning-rettsaken startet

Manning risikerer 154 år fengsel for å ha leke informasjon til nettstaden Wikileaks. Wikileaks offentleggjorde deler av innhaldet i dokumenta i samarbeid med fleire store internasjonale medium. Det leke materialet skal mellom anna vere hemmelege papir frå det amerikanske utanriks- og forsvarsdepartementet.

Dei siste dagane har ei rekkje personar demonstrert i Baltimore, der rettssaka held til, for å vise støtte til 25-åringen. Det er desse demonstrantane Erling Borgen ønskjer å slutte seg til om han reiser til Baltimore for å følge delar av rettssaka.

SISTE NYTT

Siste nytt