Hopp til innhold

– Vil heller seie «different-abled», ikkje «disabled»

Då Unicef lanserte sin rapport om born med nedsette funksjonsevner i verda, var blikket retta mot å få fram kva evner borna faktisk har, og ikkje kva dei ikkje kan.

UNICEFs tilstandsrapport 2013

På Litteraturhuset samla store deler av bistandsnoreg seg i dag for å vere med på lanseringa av Unicef-rapporten «Children With Disabilities».

LAST NED RAPPORTEN HER (5 mb): «State of the World's Children: Children With Disabilities»

– Borna er utvilsamt vår viktigaste ressurs. Det er vår felles oppgåve at deira rettar vert tatt vare på. Det er vårt ansvar å sjå alle born sine moglegheiter og evner uavhengig av kor dei bur i verda, sa prinsesse Märtha Louise som var til stades på lanseringa.

«Different-abled»

Ho viste til at ein ofte ser på kva menneske med avgrensa ressursar ikkje kan, i staden for å sjå på kva dei faktisk kan. Ho sa seg einig med Cato Zahl-Pedersen som har sagt at han heller vil bruke det engelske ordet «different-abled» (annleis anlagt) i staden for «disabled» (ufør).

LES OGSÅ: Gjemmer bort funksjonshemmede barn

LES OGSÅ: Vil ikke gjemme bort sønnen sin

Prinsessa viste til at born med nedsette evner oftare er utsett for overgrep enn andre barn.

– Me veit alt for lite om kven desse borna med nedsette funksjonsevner er. Det beste talet me har er at 93 millionar born i verda har nedsette funksjonsevner. Nettopp på grunn av talmangelen er denne rapporten viktig. Den set fokus på ei gruppe me sjeldan ser, sa generalsekretær i Unicef Norge Bernt G. Apeland.

Verdens usynlige barn. Unicef rapport.

-Det var varmt og godt å møte prinsessen

Få som får hjelpa dei treng

Han seier at det i utviklingsland berre er mellom fem og femten prosent av born i utviklingsland som får tilgang på hjelpemiddel for å kunne leve med sine nedsette funksjonsevner. I likskap med prinsessa nemner også Apeland det faktum at desse borna er meir utsett for overgrep enn andre barn.

– Me må gjere dei usynlege borna synlege. Når me flytter fokuset over på barnet, så ser me eit barn som har draumar og evner. Om me fokuserer på at barnet har nedsette funksjonsevner, så ser me gjerne hindra i staden for moglegheitene, sa generalsekretæren.

– Må få dei med som vaksne

Han meiner det ligg ein stor moglegheit rundt barnet om dei får høve til å bidra. Og meiner det er viktig å peike på at alle barn har rett på skulegang, uansett kva evner dei skulle mangle.

– Me må også skape ein etterspurnad etter desse borna når dei vert vaksne. Det er mange med nedsette funksjonsevner som vil ut i arbeid, men som ikkje får det. Det er ikkje berre eit tap for den det gjeld, men også for heile samfunnet, sa Apeland.

Generalsekretæren runda av med å oppmode regjeringa til å øyremerke 250 millionar kroner på det norske bistandsbudsjettet, som skal vere til hjelp for born med nedsette funksjonsevner rundt om i verda.

Ingen lovnad frå regjeringa

Han fekk ingen økonomiske lovnader frå statssekretær i utanriksdepartementet, Gry Larsen, som også ho understreka kor viktig det var å sette fokus på denne gruppa menneske.

LES OGSÅ: – Altfor dårlig tilbud

LES OGSÅ: I dag er det flere ups enn downs

– Det er ingen tvil om at dette er ei sak som me må løfte internasjonalt. Barn med nedsette funksjonsevner er barn med evner, ressursar og stort potensial. Det er barn som har krav på alle dei same rettane som andre barn, seier Larsen, som sa at regjeringa villa halde fram arbeidet med å hjelpe denne menneskegruppa.

– På mange måtar trur eg at 2013 kan bli det året som gjorde ein skilnad. Denne rapporten bidreg til det, og Norge skal også vere med på å bidra til det, sa Gry Larsen.

Autist og redaktør

Også Jon Henrik Larsen snakka for dei frammøtte på konferansen. Han har autisme og er drivkrafta bak Salangen Nyheter, der han no er redaktør.

Unicef meiner Larsen er eit godt døme på at folk med andre føresetnader også kan bidra i samfunnet.

Sjå Jon Henrik Larsen på besøk på Morgonnytt på NRK.

Jon Henrik Larsen, redaktør i Salangen Nyheter, snakkar om Unicef sin rapport om born med nedsett funksjonsevne

Morgonnytt 30.05.2013

SISTE NYTT

Siste nytt