Hopp til innhold

Våpenkvile i verdas valdelegaste land

I landet kor flest menneske vert drepne har to av dei mest valdelege gjengane bestemt å leggje ned våpna. No ber dei om tilgjeving frå Gud og folket i Honduras.

HONDURAS-GANGS/ San Pedro Sula's Bishop Sula Romulo Emiliani talks to reporters while standing with members of the "Calle 18" street gang during a news conference at the prison in San Pedro Sula
Foto: STRINGER / Reuters

– Me ber om å bli tilgjeve av samfunnet, med Gud som vitne, om me har vore årsak til smerte. Me ber også om at styresmaktene tilgjev oss, sa eit av medlemmene i MS-13-gjengen til Reuters, då to av dei verste gjengane i Honduras arrangerte pressekonferanse for å kunngjere våpenkvila dei har inngått.

Glad president

I Honduras vert det for kvar 100.000 innbyggjar drepne 87 personar. Det gir landet førsteplass på oversikta over landa med flest drap i verda. I dag var det mang ein honduranar som pusta letta ut då to av dei verste gjengane slutta fred, etter at kyrkja i Honduras har drive mekling mellom dei to gruppene i lang tid.

– Det er offisielt. Dei to gjengane ønskjer å forsonast med folket og det honduranske samfunnet. Dette er eit viktig skritt, og no må me alle hjelpe til for at dette vert gjennomført, sa biskop Romulo Emiliani til Reuters.

LES OGSÅ: Her er dei farlegaste byane i verda

LES OGSÅ: Mexico ber USA stanse våpenstrøm til narkokartellene

Biskopen har vore sentral i forhandlingane mellom dei to gjengane. Som ein liten premie for biskopen venta ein gratulasjon frå president i Honduras, Porfirio Lobo, som er godt nøgd med våpenkvila.

– Eg ringte biskop Emiliani for å gratulere han. På vegner av folket i Honduras vil eg takke han for det han har fått til, sa ein glad president.

Ekspert: – Avtalen vil hjelpe

Siri Blaser

Siri Blaser i Caritas kjenner godt til gjengproblematikken og trur dagens avtale kan hjelpe.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Dei store gjengane har fått stor makt i Honduras på grunn av narkotikatrafikken som går gjennom landet.

– Frå land som Bolivia og Colombia går narkotrafikken gjennom Mellom-Amerika, mot USA. No er det slik at meksikanske narkokartell kontrollerer denne trafikken, og dei rekrutterer i større grad ungdommar frå desse gjengane, seier Siri Blaser i den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas.

Ho har jobba med å hjelpe tidlegare gjengmedlemmar. Ho trur dagens avtale vil fungere, og viser til ein liknande avtale som vart gjort i nabolandet El Salvador i fjor.

– Drapsstatistikken har gått ned 52 prosent sidan avtalen vart underteikna i El Salvador, og det vekker sjølvsagt oppsikt, seier Blaser.

SISTE NYTT

Siste nytt