Hopp til innhold

Hague: Våpenboikotten er oppheva

Storbritannias utanriksminister William Hague sa like før midnatt at EU har oppheva forbodet mot å utstyre opprørarane i Syria med våpen.

William Hague

Storbritannias utanriksminister William Hague seier at EU-landa no har oppheva våpenboikotten av dei syriske opprørarane.

Foto: KERIM OKTEN / Afp

Det vart tidlegare måndag kveld meldt at utanriksministrane i EU ikkje hadde vorte samde om å oppheve våpenboikotten av opprørarane. William Hague seier likevel at det ikkje er teke ei avgjerd om å sende våpen til opprørarane .

Alle dei økonomiske sanksjonane mot det syriske regimet blir oppretthaldne, opplyser Hague.

– Gir oss fleksibilitet

Den britiske utanriksministeren seier at Storbritannia ikkje har umiddelbare planar om å levere våpen til dei syriske opprørarane, men at det no er mogleg å gjere det.

– Sjølv om vi ikkje har umiddelbare planar om å sende våpen til Syria, gir dette oss fleksibilitet til å reagere om situasjonen i framtida blir vere, sa William Hague blant anna etter møtet i Brussel.

Fleire EU-diplomatar stadfestar at det er oppnådd semje om å oppheve forbodet mot å levere våpen til dei syriske opprørarane, men dei presiserer at medlemslanda er samde om ikkje å levere våpen «inntil vidare».

Kompromiss

Storbritannia og Frankrike har vore forkjemparar for å opne for å væpne den syriske opposisjonen, medan andre land har vore meir skeptiske.

Ved å formelt oppheve våpenboikotten, men likevel presisere at det ikkje er aktuelt med våpenleveransar no, så har EU-landa greidd å få til eit kompromiss alle kan leve med.

I prinsippet er det frå 1. juni greitt for kvart enkelt EU-land å sende våpen til dei syriske opprørarane.

EU-diplomatar seier dei er samde om fleire vilkår som skal hindre at våpen fell i hendene på regimet til Bashar al-Assad, og at våpen kjem til grupper som absolutt ikkje skulle ha dei.