Hopp til innhold

Fransk soldat knivstukken

Ein fransk soldat er blitt knivstukken i halsen medan han patrulerte i eit forretningsstrøk i Paris. Politiet leitar no etter samanhengar mellom knivstikkinga og drapet på ein soldat i London tidlegare i veka.

Fransk soldat knivstukket

I en travel handlegate blei soldaten angripen bakfrå før dei to andre soldatane rakk å reagere.

Foto: Remy de la Mauviniere / Ap

Soldaten var uniformert, væpna og på patrulje med to andre i La Defense-området då han blei angripen bakfrå.

Gjerningsmannen klarte å stikke av og forsvann inn i ei travel handlegate før dei to andre soldatane rakk å reagere.

Soldaten har mista mykje blod og får behandling ved eit militærsjukehus i nærleiken.

– Skadane verkar ganske alvorlege, men ikkje livstruande, seier politisjef Pierre-Andre Peyvel.

– Eit mål fordi han kjempa mot terrorisme

Forsvarsministeren i Frankrike seier at soldaten blei knivstukke fordi han var i hæren og hadde sverga å kjempe mot terrorisme.

– Dei prøvde å drepe soldaten fordi han var soldat, seier Jean-YvesLe Drian, og la til at tilstanden til soldaten er stabil.

Den mistenkte angriparen blir skildra som ein skjeggete mann med nordafrikansk utsjånad. Han skal ha vore rundt 30 år gamal og hatt på seg arabisk-inspirerte kle, ifølgje avisa Le Parisien.

LES: Ein drepen i brutalt gateangrep i London

Etterforskar koplingar til London-angrep

Knivstikkinga kjem berre dagar etter at ein britisk soldat blei hakka i hel midt på gata i London, i det som blir etterforskar som eit terrorangrep.

Politiet i Paris leitar etter samanhengar mellom knivstikkinga av ein soldat i Paris, og det brutale drapet i London.

Hollande, som er på besøk i Etiopia, seier det førebels ikkje er noko som tyder på at knivstikkinga kan knytast til angrept på den britiske soldaten, men at styresmaktene etterforskar alle moglege samanhengar mellom dei to angrepa.

– Det kan vere ein samanheng, men vi skal sjå på alle sider ved saka, seier den franske presidenten, Francois Hollande.

LES: London-morderne la seg i bakhold for politiet

Fryktar London-etterlikning

Det har blitt spekulert i faren for forsøk på å kopiere det brutale angrepet i London, der to menn køyrte på ein mann med bil før dei angreip han med fleire stikkvåpen.

– Vi veit framleis ikkje nøyaktig kva som skjedde under angrepet eller identiteten til angriparen, men vi undersøker alle alternativ, sa Hollande til pressa i Addis Abeba.

– Hevn for angrep i muslimske land

Angrepet i London var usedvanleg brutalt, og har fått enorm merksemd mellom anna på grunn av at det fins eit «interjvu» med ein av gjerningsmennene.

Ein forbipasserande filma hendinga, og ein av drapsmennene snakka direkte til kameraet. Han erklærte at angrepet var hevn for vestlege angrep i muslimske land.

Dei to mennene prøvde å angripe politiet då dei kom til staden, men politiet svarte med å opne eld og begge mennene blei alvorleg såra.

LES: – 28-åring med tilknytning til ekstrem islamisme bak London-drap

LES: – 28-åring med tilknytning til ekstrem islamisme bak London-drap

Storbritannias statsminister David Cameron avbraut eit besøk i Frankrike på grunn av drapet, og kalla inn til møte i krisekomiteen Cobra. Statsministeren sa det er sterke indikasjonar på at drapet er ei terrorhandling.