Hopp til innhold

Selfangststrid kan stoppe EU i Arktisk råd

EU kan få blankt nei til sitt ønskje om å komme inn som observatør i Arktisk råd. Striden om selfangst mellom Canada og EU kan bli eit hinder.

Kanadiske selfangere

Kanadiske selfangarar hiv i land fangsten i Newfoundland. I 2012 hadde kanadiske selfangarar ein kvote på 400.000 dyr.

Foto: Jonathan Hayward / AP

Mange ønskjer observatørstatus, men få dagar før ministermøtet i Kiruna er det heilt uvisst kven som slepp inn.

– Dette er ganske spesielt, for såpass nær eit møte som skal haldast på ministernivå om nokre få dagar, ville vi normalt kjenne utfallet, seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.

– Eg trur rett og slett at dette ikkje blir avklart før vi møtest, så derfor blir ministermøtet veldig spennande og ikkje heilt utan ein viss dramatikk, legg han til.

14 vil bli observatør

Opptak av nye observatørar er viktig sak på ministermøtet i Arktisk råd, som finn stad onsdag i den nordsvenske gruvebyen Kiruna. I tillegg skal det signerast ein samarbeidsavtale om oljevernberedskap.

Arktisk råd har i dag 26 observatørar. I tillegg har 14 land og organisasjonar søkt om å bli godkjent som nye observatørar i rådet. Seks land – Kina, Japan, Sør-Korea, Singapore, India og Italia – står på søkjarlista saman med EU og sju organisasjonar.

– Dei fem nordiske landa er alle på same linje – vi er opne for at i alle fall alle statane som har søkt – samt EU – skal sleppe inn, seier Eide. – Men vi veit ikkje kvar Russland, USA og Canada står, og ikkje minst knyter deg seg stor spenning til kva Canada vi falle ned på, seier han.

Strid om selfangst

– Det er jo ei kjent sak at Canada har eit problematisk forhold til EU når det gjeld selfangsten. Spørsmålet er om dette vil føre til at Canada seier nei til at EU får plass som observatør.

Leona Aglukkaq

Helseministeren i Canada, Leona Aglukkaq overtek formannskapet i Arktisk råd.

Foto: CHRIS WATTIE / Reuters

I Kiruna tek Canada over formannskapet i Arktisk råd, under leiing av Arktisk råd-minister Leona Aglukkaq.

– Samtidig står Noreg og Canada saman mot EU i ein del selfangstspørsmål. Men vi meiner at denne saka ikkje stor nok til at ho skal kunne hindre at EU kjem inn som observatør. For Noreg er det svært viktig at EU får observatørplass, seier Eide.

Norsk ja til Kina

– Kor viktig er det for Noreg at Kina kjem inn?

– Vi meiner at Kina har ei legitim interesse i å kunne bli med som observatør i Arktisk råd. Kina ligg på den andre sida av Nordaustpassasjen. Det kan etter kvart bli mykje transport til og frå Kina den vegen. Det er i vår interesse at dei får lov å bli med, men prisen dei betaler er at dei må slutte opp om dei grunnleggjande prinsippa som gjeld i det arktiske samarbeidet – først og fremst at havretten har forrang i Polhavet – og at ein må sjå næringsutvikling og miljø i samanheng.

Positivt for kjølig forhold

Espen Barth Eide

Espen Barth Eide

Foto: Bjørnbakk,Jan-Morten / NTB scanpix

– Det er bra for oss at Kina skriv under på desse premissane og kjørereglane, og vi har valt å ikkje la vårt mellombels noko krevjande forhold til Kina komme i vegen for dette.

- Kan dette bidra til å betre forholdet?

- Det verkar i kvart fall ikkje negativt at Noreg støtter opp om kinesisk observatørskap, men eg vil understreke at vi ikkje gjer dette av omsyn til forholdet mellom Noreg og Kina. Arktisk råd er for viktig til det.

Arktisk råd blei skipa i Ottawa i Canada 19. september 1996, som eit samarbeidsforum mellom dei arktiske statane USA, Canada, Russland og dei fem nordiske landa.

Rådet har sekretariat i Tromsø. På ministermøtet i Nuuk på Grønland i 2011 vedtok Arktisk råd den første bindande samarbeidsavtalen – om søk og redning i Polhavet.

Artikkelen fortset under biletet.

Møte i Arktisk Råd

På møtet i Arkisk Råd i Nuuk på Grønland i 2011 deltok for første gong både den amerikanske og den russiske utanriksministeren.

Foto: Bang, Ulrik / SCANPIX

Kerry og Lavrov

På Nuuk-møtet deltok for første gong både den amerikanske og den russiske utanriksministeren.

Etter planen kjem den nye utanriksministeren i USA, John Kerry til å følgje opp, og stiller på møtet i Kiruna saman med Russlands utanriksminister Sergej Lavrov.

Dei andre ministrane som deltek er Espen Barth Eide (Noreg), Carl Bildt (Sverige), Erkki Tuomioja (Finland), Villy Søvndal (Danmark) og canadas Arktisk råd-minister Leona Aglukkaq.

Ho skal altså no ta over formannskapet etter Carl Bildt. Det er uvisst kven som representerer Island. I tillegg møter dei faste urfolkrepresentantane i Arktisk råd og dei ulike observatørane. I alt er det venta 300 deltakarar på ministermøtet.

Avtale om oljevernberedskap

Avtalen om oljevernberedskap, som skal signerast i Kiruna, har det vore arbeidd med sidan Nuuk-møtet. Dette er ein bindande samarbeidsavtale som handtering av oljeutslepp i arktiske farvatn.

Avtalen omtalar overvaking av havområde, korleis landa konkret skal hjelpe kvarandre, dele på utstyr osv. Det er også lagt opp til regulære øvingar. Dette blir dermed den andre bindande avtalen mellom dei arktisk landa.

På møtet skal det også leggjast fram ein strategi for Arktis, og fleire arbeidsgrupper skal presentere ulike forskingsrapportar.

SISTE NYTT

Siste nytt