Hopp til innhold

Castro er far til seksåringen

Nye DNA-testar stadfestar at kvinnebortføraren i Cleveland, Ariel Castro, er far til den seks år gamle jenta som blei fødd i fangenskap, ifølgje påtalemakta.

Ariel Castro i retten

ARIEL CASTRO ER FAR TIL SEKSÅRINGEN: Det viser DNA-prøver som blei leverte til etterforskarane i går.

Foto: Tony Dejak / Ap

Påtalemakta i Ohio seier at DNA-testane ikkje tyder på at Castro har vore involvert i andre overgrepssaker i delstaten. Testane er førebels ikkje sjekka opp imot saker frå resten av USA, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Aborterte fem gonger etter vald

52 år gamle Castro kan bli sikta for overlagt drap og risikere dødsstraff etter at han bortførte tre unge kvinner og heldt dei innesperra i heimen sin i opptil ti år. Kvinnene skal alle ha blitt kidnappa i bil, og lenka fast i Castro sin kjellar i byrjinga av fangenskapet. Alle blei jamleg torturerte og misbrukte seksuelt.

32 år gamle Michelle Knight skal ha abortert fem gonger, etter at Castro svelta henne i minst to veker og slo henne fleire gonger i magen.

Måtte føde i plastbasseng

Castro skal også ha truga med å drepe Knight dersom babyen til ei anna av kvinnene, Amanda Berry, ikkje overlevde fødselen.

Berry, som no er 27 år gammal, skal ha blitt tvinga til å føde i eit plastbasseng i huset, slik at det skulle vere lettare å gjere reint etter fødselen. Ingen av kvinnene fekk lækjartilsyn medan dei sat fanga.

Det var tysdag denne veka det blei kjent at tre kvinner hadde greidd å rømme frå fleire år i fangeskap hos Castro.

De tre Castro-brødrene ble fremstilt i retten i dag

Castro-brødrene i retten

SISTE NYTT

Siste nytt