Hopp til innhold

Anthony Castro: Valdeleg far og to alkoholiserte onklar

Anthony Castro, sonen til mannen som har halde tre kvinner innestengde i ti år i Cleveland i Ohio, karakteriserer faren som ein svært valdeleg mann.

Frå venstre Ariel, Onil og Pedro Castro.

Dei tre Castro-brørne som no er arresterte. Frå venstre Ariel, Onil og Pedro.

Foto: STAFF / Reuters

Anthony Castro, som jobbar i ein bank i nabobyen Columbus i Ohio, seier i eit intervju med den britiske nettavisa MailOnline at faren svært valdeleg, og at dei arresterte onklane er sterkt alkoholiserte. Han seier at han trur faren kan ha gjort det han er skulda for.

Ariel Castro vart arrestert i 1993 etter det som blir oppgitt å vere ei familievaldssak, men det vart aldri reist sak mot han.

Ariel Castro vart i går arrestert saman med brørne Pedro og Onil, etter at tre kvinner som har vore haldne fanga i huset i rundt 10 år, greidde å kome seg ut og fekk varsla politiet. Dei tre kvinnene er i dag 32, 27 og 23 år gamle.

Kamerat med faren

Feiring i Cleveland i Ohio.

Stor feiring i Cleveland i går då det vart kjent at dei tre kvinnene hadde kome seg ut i fridom.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Tito DeJesus, faren til ei av jentene som vart haldne fanga i huset hans, Gina DeJesus, var ein kamerat av Ariel Castro. Han har fortalt at han fleire gonger etter at dottera vart borte var på besøk hos kameraten, men at han aldri hadde nokon mistanke. Dei to har blant anna spelt i band saman.

Det blir også fortalt at Ariel Castro deltok i leitinga etter at Gina forsvann. Han delte ut løpesetlar og spelte på arrangement det vart samla inn pengar til minne om henne. Han blir karakterisert som ein ven av familien.

Anthony Castro fortel at mora hans vart nesten slått i hel av faren medan ho var i rekonvalesens etter ein hjerneoperasjon. Ho tok med seg Antony og dei tre søstrene hans og flytta ut i 1996 etter fleire år med overgrep.

LES OGSÅ: - Politiet ble varslet om kvinner med kjetting i bakgården

LES OGSÅ: Cleveland: Kvinnene ble lenket fast, slått og gjort gravide

Reportasje fra Dagsrevyen 12.

VIDEO: 10 år gammelt bortføringsdrama over

På alle fire

Etter arrestasjonen i 1993 avgjorde ein storjury at dei ikkje hadde nok bevis mot han til å reise ei sak. Han vart sett fri mot ein kausjon på 10.000 dollar, melder nyheitsbyrået Reuters.

Huset i Seymour Avenue, Cleveland, bortførte kvinner funnet

Det var i dette huset på Seymor Avenue i Cleveland dei tre kvinnene vart haldne innstengde i ti år.

Foto: Scott Shaw / Ap

Fleire naboar har sagt at dei har meldt frå til politiet om hendingar i huset til Ariel Castro, blant anna at det vart sett ei naken kvinne med hundehalsband i hagen, men at politiet ikkje gjorde noko med det.

Ei kvinne ringde til politiet og fortalde at ho saman med to andre hadde sett tre nakne unge jenter som krabba på alle fire i hagen med hundeband rundt halsen, og at det var tre menn som passa på dei. Ho seier at politiet ikkje tok henne på alvor.

LES OGSÅ: Tre bortførte kvinner funnet i live

Mange låste dører

Sonen Anthony fortel i eit intervju med den britiske avisa Mail Online at faren har budd i det aktuelle huset i Seymor Avenue i Cleveland sidan 1992.

Enorm mediainteresse utenfor huset der tre kvinner ble holdt fanget i Cleveland

Pressefolk frå heile verda har strøyma til Cleveland for å fortelje historia om jentene som vart haldne fanga i huset i Seymour Avenue i Cleveland.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Han har hatt lite kontakt med faren etter at foreldra vart skilde, men han har likevel vore på besøk fleire gonger. Han la merke til at det var mange låste dører i huset, og at ingen fekk sjå kva som skjulte seg bak desse dørene.

Dei fleste vindauga var dekte med svart plast for å hindre innsyn.

– Huset var alltid låst. Det var stader der vi aldri slapp inn. Kjellaren var låst, loftet var låst og garasjen var låst, seier han.

– Galskapen i seg

Anthony Castro meiner at dei to brørne hadde dårleg innverknad på faren, spesielt Pedro, den eldste. I ein alder av 54 år budde Pedro framleis saman med mora, og ifølgje Anthony gjorde han ikkje stort anna enn å drikke store mengder alkohol.

– Han hadde galskapen i seg, seier Anthony kort.

Ein tidlegare klassekamerat av Pedro seier at i tidlege skuleår så var han svært flink og pliktoppfyllande, men at det på ein eller måte gjekk gale for han i tenåra, slik at han aldri fullførte skulen.

Ariel Castro var i mange år skulebussjåfør i Cleveland. Han fekk sparken i november i fjor, etter at han fekk ei fjerde disiplinærsak mot seg. I ei av sakene skal han ha stengt ein elev inne i skulebussen, medan han sjølv hadde lunsjpause.

GJENFORENING: Amanda Berry (midten) gjenforent med søsteren.

Amanda Perry (i midten) møtte i går med storesystera.

Foto: - / Afp

Han skal også ha skjelt ut ei lita jente og kalla henne for «bitch».

Saman med seksåring

Den siste tida har fleire observert Ariel Castro saman med ei seks år gammal jente. Han har teke jenta med på ulike leikeplassar i området, og på spørsmål om kven jenta var, svarte han at ho var dottera til ei venninne. Til andre har han sagt at ho var barnebarnet hans.

Fleire naboar har kjent igjen jenta som dottera til ei av dei tre som har vorte haldne fanga i huset, Amanda Berry. Jenta er truleg fødd i fangenskap, og Ariel Castro kan vere faren.

Fleire amerikanske medium melder at dei tre kvinnene har vore haldne som sexslavar i huset, og at det er funne lenkjer som truleg er brukt til å halde dei i sjakk.

Bitar på plass

Naboar seier at ein del bitar fall på plass då det vart kjent kva som hadde gått føre seg i Ariel Castros hus i Cleveland. Fleire har sett ting dei har oppfatta som merkelege, slik som ei lita jente som har sett ut gjennom eit vindauge i øvste etasje eller at nokon hadde sett ei naken kvinne i hagen.

Ein annan ting mange hadde lagt merke til var at Ariel Castro kunne kome heim i lunsjpausen sin med store mengder gatekjøkkenmat, som var altfor mykje for ein einsleg mann.

Dei lurte også på kvifor vindauga var tildekte og at hagen var skjerma for innsyn.

SISTE NYTT

Siste nytt