41 av dei som vart berga ut i natt oppheldt seg alle i same rommet i femte etasje. Elles er det uklart korleis tilstanden deira er.
Statsråd Jahangir Kabir Nanak opplyser at rundt 2000 menneske har blitt berga ut av bygningsrestane, medan det er snakk om 1000 menneske det ikkje er gjort greie for.
Flest kvinner
Ein tenestemann i tekstilindustrien seier at det var 3122 menneske, dei fleste kvinnelege arbeidarar, inne i bygningen då kollapsen skjedde.
Heile bygningen vart først evakuert fordi det var oppdaga sprekker i ein vegg, men fleire av arbeidarane som overlevde katastrofen har fortalt at dei fekk ordre av sjefane sine om å gå inn i bygningen igjen og ta opp att arbeidet.
Det var i alt fire konfeksjonsfabrikkar inne i bygningen, og fleire av dei leverer varer til europeiske kleskjeder. Bygningen inneheldt også ein bank, fleire butikkar og husvære.
Framleis håp
Redningsarbeidarar frå hæren, marinen og flyvåpenet arbeider no døgnet rundt for å finne overlevande. Arbeidet held på for fullt på tredje døgnet. Sjefen for Dhaka politidistrikt, Habibur Rahman, seier at det å finne overlevande og få dei ut har førsteprioritet i arbeidet.
Mannen som eig den ulovleg oppsette bygningen i Savar utanfor Dhaka, Mohammed Sohel Rana, er på flukt frå politiet. Han er aktiv lokalpolitikar i det regjerande Awani League-partiet.
I dag oppstod det full panikk blant redningsarbeidarar og andre som oppheldt seg i området då nokon ropte at ein nabobygning var i ferd med å kollapse. Folk sprang unna i stor fart, før det vart klart at det heile var falsk alarm.
LES OGSÅ:
Tåregass og gummikuler
Politiet har i dag skote tåregass og gummikuler mot fleire hundre tusen fabrikkarbeidarar som i dag samla seg i Dhaka for å demonstrere. Bygningskollapsen onsdag har sett sinna i kok blant dei mange tekstilarbeidarane i landet, og dei krev no at det blir slutt på uverdige arbeidsforhold i bransjen.
Politiet opplyser at stemninga i byen er svært spent. Fleire av demonstrantane hadde utstyrt seg med bambusstokkar. Dei blokkerta vegar inn til dei andre tekstilfabrikkane i området, slik at dei måtte halde stengt.
Det var også i går store demonstrasjonar i Dhaka mot forholda for arbeidarane i tekstilindustrien. Det vart ropt slagord med blant anna for dei ansvarlege. Også i fleire andre land har det vore demonstrasjonar, blant anna i San Francisco i USA.
Bangladesh er verdas nest største eksportør av klede og rundt 60 prosent av produksjonen går til Europa.
Saka blir oppdatert
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: