Hopp til innhold

– Nord-Korea kan skyte ut atomvåpen

For første gong konkluderer den amerikanske etterretningstenesta med at Nord-Korea kan ha utvikla små nok atomvåpen til at dei kan sendast med rakettar.

Nord-Koreanske soldatar

NY INFORMASJON: Nord-Koreanarane kan ha utvikla små nok stridshovud til å sende med rakettar ifølgje ein amerikansk rapport.

Foto: Ap

Ein amerikansk kongressmann siterte torsdag kveld ein rapport som stadfesta at Nord-Korea kan ha utvikla stridshovud som er små nok til å sendast med rakettar.

Dersom det er tilfellet, er vesten si største frykt blitt realitet.

– Kan vere i stand til å sende atomvåpen

Martin E. Dempsey

KOMMENTERER IKKJE: General Martin Dempsey valde å ikkje kommentere på påstanden om at Nord-Korea kan ha utvikla atomvåpen som kan sendast med rakettar.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

Under ei høyring der general Martin Dempsey vitna framfor den amerikanske etterretningskomiteen, overraska kongressmedlem Doug Lamborn salen med eit sitat frå ein rapport frå det amerikanske forsvaret si etterretningsteneste (DIA).

Eininga har gjort ei ny vurderinga av den kjernefysiske kapasiteten til Nord-korea, og for første gong konkluderer dei med at dei har moderat tillit til at Nord-Korea kan lage ei atombombe som er liten nok til å sendast med rakettar.

Det skriv både CNN , CBS News og New York Times.

Rapporten er delvis klassifisert, men i konklusjonen, som er offentleg, står det:

«DIA (Det amerikanske forsvaret si etterretningsteneste, journ. anm) vurderer det som moderat sannsynleg at Nord-Korea i dag har kjernefysiske våpen i stand til å bli levert av ballistiske missilar. Pålitelegheita er likevel lav.»

Ikkje tidlegare kjent

Nord-Korea er kjent for å ha utvikla nok kjernefysisk materiale til om lag tolv våpen.

Nord-Korea viser frem sine Musudan-raketter

VISER FRAM: Nord-Korea viser fram Musudan-rakettane sine, som ifølgje dei sjølve og ein ny amerikansk rapport, kan vere i stand til å sende atomvåpen.

Foto: Ed Jones / AFP

Men inntil no har ingen vestlege etterretningar sagt offentleg at militærstaten kan vere i stand til å gjere våpna små nok til å feste dei fast til rakettane sine.

Det ville bety at militærregimet er i stand til å sende atombomber av garde mot USA eller Sør-Korea.

Men då Nord-Korea gjennomførte ei atomprøvesprenging i februar, skrytte dei av at dei hadde nettopp dette. Omverda tok det med ei klype salt.

Ifølgje rapporten som kongressmedlem Doug Lamborn leste frå under høyringa, er det altså vurdert til moderat sannsynleg at Nord-Korea kan ha utvikla slike våpen.

Han spurte general Martin Dempsey om han var einig i vurderinga, men fekk til svar at han ikkje ville kommentere.

– Eg har ikkje sett rapporten, og sidan dette ikkje er offentleggjort enno så vel eg å ikkje kommentere, svarte generalen.

Ventar på neste trekk

Barack Obama og Ban Ki-moon

DISKUTERER NORD-KOREA: USAs president Barack Obama og FNs generalsekretær Ban Ki-moon diskuterer Nord-Korea i Det Kvite Hus.

Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Den høglydte trusselen frå Nord-Korea har sett både amerikanske og europeiske etterretningstenester i høgt beredskapsmodus.

I dag møtte President Barack Obama med FNs generalsekretær Ban Ki-moon i Det Kvite Hus.

I ei fråsegn til pressa oppmoda han Nord-Korea til å legge vekk den krigerske innstillinga si, men understreka samtidig at USA vil gjere alt for å forsvare seg sjølv og sine allierte dersom dei prøvar seg på noko.

– Det er på tide at Nord-Korea sluttar med denne forma for krigersk tilnærming, og prøvar å senke temperaturen. Ingen ønskjer ein konflikt på Korea-halvøya seier Obama.

Obama seier han vil jobbe med diplomatiske midlar for å forsøke å roe ned situasjonen, samtidig som han vil gjere alt for å beskytte amerikanarane.

Flyttar rundt på rakettane

Kim Jong-un

TRUAR: Den unge Kim Jong-un sparar ikkje på truslane om atomkrig, og har sett heile den vestlege verda i beredskap.

Foto: KNS / Afp

Nord-Korea har dei siste dagane gjentekne gongar flytta rundt på rakettane sine, noko vestleg etterretning trur dei gjer for å forvirre omverda.

Ifølgje det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap, som siterer etterretningskjelder, har nordkoreanarane fleire gongar trilla rakettar inn og ut av eit lagerområde på austkysten.

Dei har også flytta rundt på fem mobile utskytingsramper.

Rakettane som Nord-Korea truar med å sende opp, er ikkje blitt testa tidlegare, men skal ha ei rekkjevidd på opptil 4000 kilometer.

Rakettane kan dermed nå mål i Sør-Korea, Japan, og kanskje amerikanske baser på stillehavsøya Guam.

USA har sendt fleire krigsskip til området og har ein kraftig sjøbasert radar på plass for å følgje ei eventuell nordkoreansk rakettoppskyting.

Stor internasjonal beredskap

Utanriksleiarane frå G8-landa var i dag samla i London for å drøfte situasjonen på Koreahalvøya.

Etter samtalane uttalte dei seg i sterke ordelag der dei fordømte Nord-Korea for å ha utvikla atomvåpen og rakettar.

LES: Avviser at prøvesprengning er nært forestående
LES: Nord-Korea øver på krig med nabo­landets utenriksminister som blink

Samtidig var Anders Fogh Rasmussen på besøk i Sør-Korea for første gong som generalsekretær i NATO.

Der blei han orientert om den spente situasjonen av Sør-Korea sin utanriksminister Yun Byung-se. Han skulle også i samtalar med president Park Geun-hye og forsvarsminister Kim Kwan-jin.

SISTE NYTT

Siste nytt