Hopp til innhold

Sjå video frå påskemarkeringa rundt om i verda

På Filippinane piskar dei seg til blods og i Jerusalem får truande føtene sine vaska av sjølvaste erkebiskopen. Sjå korleis påskehøgtida blir markert på ulike måtar rundt om i verda.

På Filippinane piskar dei seg til blods og i Jerusalem får truande føtene sine vaska av sjølvaste erkebiskopen. Den noverande paven oppmodar folk om å ta imot Jesus i ein påsketale som vart teken opp på video medan han framleis var erkebiskop i Buenos Aires.

Sjå korleis påsken har starta i Jerusalem og på Filippinane.

Påskemarkeringa blant katolikkane på Filippinane skil seg kraftig frå hyttekosen og sjokoladefråtsinga nordmenn gjerne assosierer med påsken.

Truande filippinarar tek til gatene og piskar seg sjølve til blods med bambuspinnar og kjettingar, som eit symbol på Jesu sine lidingar før og under korsfestinga.

– Pisking kurerte barnet mitt

Boyet Jucal

Den filippinske katolikken Boyet Jucal har opplevd mirakel etter botsøvingar i påsken.

Foto: AP

– Då det tredje barnet mitt blei sjukt, visste eg ikkje kva eg skulle gjera eller kvar eg skulle gå. Så eg gjekk hit og gjorde dette. Då blei barnet mitt kurert. Etter det har eg gjort dette kvart år, seier Boyet Jucal.

Jucal er ein av mange som kvar påske påfører seg sjøl smerte liknande den dei truande meiner Jesus blei utsett for - også kalla botsøvingar.

Det blodige ritualet starta skjærtorsdag og held fram i tre dagar. Det blir også nytta glasskår og barberblad til å laga blødande sår.

Vaskar føter i Jerusalem

Skjærtorsdag fann fotvask-seremonien stad fleire stader i verda, blant anna i Den heilage gravs kyrkje, som ligg på staden der Jesus ifølgje kristen tru blei korsfesta på langfredagen.

Truande samla seg i kyrkja i Jerusalem, for å vera vitne til at erkebiskopen Fuad Twal vaska og kyssa føtene til katolske prestar.

Fotvask-seremonien er ein gammal tradisjon til minne om då Jesus i audmjukskap vaska føtene til dei 12 disiplane sine like før påskehøgtida. Med denne handlinga ville Jesus visa at leiarar er tenarar.

Paven med påskebodskap

Seinare skjærtorsdag skal også pave Frans, vaska føter. Det er 12 innsette i eit fengsel for unge lovbrytarar i Roma som skal få æra av ein fotvask utført av den nye paven.

– Ingen har meir kjærleik enn den som ofrar livet sitt for venene sine, seier paven i eit videoopptak av ein påsketale som blei frigjeven torsdag.

Opptaket blei gjort før pavevalet, då han framleis var erkebiskop i den argentinske hovudstaden Argentina.

SISTE NYTT

Siste nytt