Hopp til innhold

NATO-soldatar omkom i Afghanistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fem NATO-soldatar i den internasjonale ISAF-styrken mista livet i ei helikopte­rulukke i Afghanistan måndag.

Alle dei fem døde var amerikanske statsborgarar.

Helikopteret gjekk ned utanfor byen Kandahar, sør i landet. Eit kraftig uvêr skal ha vore årsaka til ulukka, ifølgje amerikanske styresmakter.

Ikkje fiendtleg aktivitet

Ifølgje NATO er det ingenting som tyder på at helikopteret blei skote ned, ettersom det ikkje var fiendtleg aktivitet i området. Ulukka blir no granska, opplyser ein ikkje-namngjeven talsperson for alliansen til nyheitsbyrået AP.

Det er ikkje første gongen at eit ISAF-helikopter krasjar i Afghanistan, enten fordi dei blir skotne ned eller som ei ulukkehende.

I august i fjor døydde sju personar, inkludert sju amerikanske soldatar då eit Black hawk helikopter krasja sør i Afghanistan.

SISTE NYTT

Siste nytt