Hopp til innhold

Eit Venezuela i sorg førebur seg på gravferda

Venezuelas president Hugo Chávez si gravferd startar klokka 14.30 norsk tid. Fleire tusen menneske har stått i kø for eit siste farvel med den folkekjære presidenten.

NRKs USA-korrespondent Anders Tvegård møtte den norske ambassadøren før han skulle på Chavez' likskue.

VIDEO: Anders Tvegård rapporterer frå Caracas

Norsk ambassadør i Venezuela, Lars Vaagen.

Den norske ambassadøren i Venezuela, Lars Vaagen, representerer Noreg i gravferda.

Foto: Anders Tvegård / NRK

30 statsleiarar og statsoverhovud frå heile verda har kome til Venezuela for å delta i gravferda. Blant dei mest kjende er Irans president Mahmoud Ahmadinejad, president Aleksandr Lukasjenko frå Kviterussland, Brasils president Dilma Rouseff, president Evo Morales frå Bolivia og president Enrique Pena Nieto frå Mexico.

Elles er mange statsleiarar frå Latin-Amerika og Mellom-Amerika til stades i gravferda. USA, som har hatt eit dårleg forhold til Hugo Chávez, har også varsla at dei vil delta i gravferda.

Skal balsamerast

I går kveld kom meldinga om at Hugo Chávez skal balsamerast, for så å bli lagt i ei glaskiste i revolusjonsmuseet for all framtid.

Før sjølve balsameringa skal liket oppbevarast i eit fjellområde som har ei spesiell betydning for den venezuelanske revolusjonen i 1992.

Flere søramerikanske ledere deltar under minneseremonien for den avdøde presidenten.

DIREKTE: Gravferda til Hugo Chávez

Før gravferda ligg liket av Hugo Chávez på paradeseng i ei halvopen kiste, kledd i militæruniform, slips og med den raude bereten som heile tida har vore eit kjennemerke for den markante presidenten.

LES OGSÅ: Hugo Chávez skal balsamerast

LES OGSÅ: Står ni timer i kø for å ta farvel med Hugo Chávez

På paradeseng

Kista er plassert ved eit militærakademi i Caracas, og styresmaktene sa i går kveld norsk tid at to millionar menneske alt hadde passert kista for å heidre den avlidne presidenten.

Det vart også avgjort at han skal liggje på paradeseng i militærakademiet i sju dagar etter gravferda, slik at flest mogleg skal få vise han den siste ære. Den offisielle sørgjeperioden er utvida tilsvarande.

Etter gravferda skal visepresident Nicolas Maduro takast i eid som fungerande president i Venezuela. Som si første embetsgjerning vil han då lyse ut nyval, opplyser presidenten i nasjonalforsamlinga, Diosdado Cabello.

Det er venta at nyvalet vil finne stad 14. april.

Enkelte av venezuelanerne NRK snakket med i Caracas i dag har ventet siden i går for å få et siste glimt av presidenten.

VIDEO: Ventar i timevis for eit glimt av Chavez

LES OGSÅ: Chávez' død - kreft eller CIA?

LES OGSÅ: En latinamerikansk legende

Kondolansetelegrammet frå Kong Harald

Kondolansetelegrammet frå kong Harald.

Foto: NRK

SISTE NYTT

Siste nytt