«Det er mogleg å sjå for seg eit ekstraordinært tilfelle der det vil vere naudsynt og passande under det amerikanske lovverket å la militæret bruke dødeleg makt innanfor USA sine grenser.»
Dei oppsiktsvekkjande opplysningane kjem fram i eit brev sendt av USA sin justisminister, Eric Holder. Brevet var adressert til den republikanske senatoren Rand Paul, som spurte justisdepartementet om Barack Obama har autoritet til å kommandere eit angrep på ein amerikansk borgar i USA.
Justisministeren understrekar at dette er ei hypotetisk problemstilling, men det er like fullt første gong i amerikansk historie at ei regjering har slått fast at dei har autoritet til å kommandere drap på sine eigne statsborgarar.
- LES OGSÅ:
– Meir enn skremmande
Bakgrunnen for spørsmålet var at senator Paul nekta å godkjenne nominasjonen av den nye CIA-sjefen grunna hemmeleghald av USA sitt droneangrep. Den republikanske senatoren reagerer svært sterkt på svaret han fekk frå Obama-administrasjonen.
– At Holder ikkje vil utelukke droneangrep på amerikanske statsborgarar er meir enn skremmande – det er ein direkte fornærming mot Grunnlova som slår klart fast at alle amerikanarar har rett til ein rettsprosess.
Den framtidige CIA-direktøren, John Brennan, forsvarte bruken av dronar då han vart grilla i Kongressen for ein månad sidan. Han vert rekna som arkitekten bak droneprogrammet, som har teke livet av amerikanske statsborgarar i utlandet.
Det er uklart kor mange sivile som er råka, men New York Times meiner å ha tal som viser at 80 uskuldige sivile er blant dei 400 som er drepne i Jemen. Til saman er over 3.000 menneske drepne av dronar i Obama sin første periode.
- LES OGSÅ:
Generalsekretær i Amnesty International i Norge, John Peder Egenæs, er også av dei som er bekymra for utviklinga i USA.
– Dette er ekstremt bekymringsverdig. Det viser jo kor grenselaust droneprogrammet til USA allereie er, og frykta for at det kan gå enno vidare, seier Egenæs til NRK.no.
– Dei kan gjere akkurat som dei vil
Han meiner det ikkje betyr noko at Holder seier det er ei hypotetisk problemstilling, og at det berre skal bli gjort i ekstreme tilfelle.
– Ekstreme tilfelle som ikkje er nøye definert i eit lovverk vert berre utvida og utvida så lenge makthavarane finn seg tent med det. Så lenge det ikkje er noko definisjon så er det fritt opp til sitjande regjering å bestemme kva det er. Derfor er det ingen trygging at han tek slike atthald.
– Det betyr eigentleg «me gjer det me vil når me finn det naudsynt», seier Egenæs.
Barack Obama har tidlegare signert ei kontroversiell lov som gjer at amerikanarar kan bli sett i fengsel av militæret på ubestemt tid, utan høve til rettssak. Men at dei også tolkar lova til å omfatte drap på eigne borgarar, er altså nye opplysningar.
Om ikkje dette skulle vere nok, så er Obama også den første presidenten i historia som har beordra drap på ein amerikansk statsborgar i utlandet. I 2011 godkjente han nemleg avrettinga av den amerikanskfødde Al Qaida-leiaren Anwar al Awlaki i Jemen.
Under likvideringa skal også al-Awlaki sin 16 år gamle son, som hadde amerikansk statsborgarskap, ha blitt drepen.