Hopp til innhold

Entusiastisk atomjubel for Kim Jong-un

Dyrkinga av Kim Jong-un når stadig nye høgder. Sjå den panegyriske jubelen han blir motteken med under ei militær framsyning i Pyongyang nyleg.

Video frå nordkoreansk fjernsyn med jublande soldatar og eit heftig militærkor.

VIDEO: Atomjubel for Kim Jong-un

Videoen over viser tydeleg korleis den nye nordkoreanske leiaren er i ferd med å bli bygd opp som ein nærmast guddommeleg landsfader på same måte som bestefaren Kim il-Jong og faren Kim Jong-Il.

No blir han hylla for motet han har vist med å gå mot protestane frå store delar av verda mot det nordkoreanske atomprogrammet, og ikkje minst for den siste atomprøvesprenginga.

Varslar nye testar

For eit par veker sidan gjennomførde Nord-Korea ei ny atomprøvesprenging, og den kommunistiske diktaturstaten har også gjort det klart at det kjem minst to andre testar i løpet av året.

Ståande ovasjonar frå fleire tusen grønkledde militære møter Kim Jong-un når han kjem inn i ein gigantisk forsamlingssal i hovudstaden Pyongyang. På eitt punkt i videoen verkar det som om Kim sjølv synest det blir for mykje, og det ser ut til at han prøver å dempe applausen og dei meir enn entusiastiske jubelropa.

Kim Jong-un er æresgjest når hærens orkester og mannskor skal framføre framsyninga «Korea gjer det Korea vil».

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: USA vil skjerpe sanksjoner mot Nord-Korea

Prøvesprenging på storskjerm

Frå den store scena spelar militærorkesteret opp taktfast militærmusikk spelt i eit høgt oppdrive tempo. På ein stor videoskjerm i bakgrunnen blir det vist ein animasjon av den siste atomprøvesprenginga og kampscener frå det som truleg er nordkoreanske militærøvingar.

Etterpå får vi sjå hærens mannskor i aksjon på scena.

I nabolandet Sør-Korea blir det lagt merke til at Kim Jong-un i løpet av den siste veka har vitja fire militære avdelingar i landet. Styresmaktene i sør har bede alle militære einingar auke beredskapen i frykt for nordkoreanske aggresjon.

LES OGSÅ: – Nord-Korea lar seg ikke true

LES OGSÅ: Forskere: – Ny aktivitet på nordkoreansk atomanlegg

Heidrar atomforskarar

I videoen frå det nordkoreanske statsfjernsynet blir det også vist stillbilete av Kim Jong-un når han møter nordkoreanske atomforskarar og andre vitskapsfolk som var involverte i den siste atomprøvesprenginga i januar.

Stillbileta blir kommenterte av ein svært entusiastisk kvinneleg programleiar.

LES OGSÅ: Nord-Korea truer med «endelig ødeleggelse» av Sør-Korea

LES OGSÅ: – Nord-Korea har varslet Kina om nye atomtester

SISTE NYTT

Siste nytt