Hopp til innhold

Dei verste diskotekbrannane

Brannen som kosta minst 232 menneskeliv på eit diskotek i Brasil natt til søndag, er ein av dei verste nattklubb-brannen nokosinne.

Dødstala har stige utover dagen, og er no oppe i 232 omkomne. I tillegg er fleire titals menneske såra etter brannen på nattklubben «Kiss» i byen Santa Maria sør i Brasil.

Brannen starta då det eine bandet som spelte på klubben skulle underhalda publikum med eit pyroshow. På berre tre minutt var flammane heilt ute av kontroll.

Ulukkesbrannen er blant dei mest dødelege på diskotek og nattklubbar rundt om i verda det siste århundret.

Ofte fyrverkeri involvert

Ein må 12 år tilbake i tid for å finna ein brann med eit verre utfall. Første juledag i år 2000 omkom 320 menneske i ein brann på eit diskotek i Luoyang i Henan-provinsen i Kina.

Den verste nattklubb-brannen i USA si historie, og kanskje nyare historie generelt, fann stad på amerikansk jord for 70 år sidan. Brannen på diskoteket Cocoanut Grove i Boston i 1942 tok heile 492 menneskeliv.

Under ei nyttårsfeiring på ein tettpakka nattklubb i Buenos Aires døydde 192 menneske og nærmare 1000 blei såra etter at ein rakett blei avfyrt innandørs og utløyste brann i 2004.

Fyrverkeri var også årsaka då flammane spreidde seg og tok over 150 liv på Lame Horse Club i Perm i Russland i 2009, og 100 liv på The Station, Rhode Island i USA i 2003.

Minst 160 menneske døydde i brannen på Ozonoe Disco Club i Quezon City på Filippinane i 2006. Overlevande fortalde at dei såg gnistar og røyk koma ut av DJ-buret like etter midnatt, men at dei trudde det var ein del av showet. Det var totalt nærmare 400 personar inne i lokalet, som berre var godkjent for 35 personar om gongen.

Sette fyr på diskotek i Sverige

Overfylt var det også på eit diskotek i Hirsingen utanfor Gøteborg då det braut ut ein dødeleg brann under ei Halloween-feiring i 1998. Diskoteket hadde løyve til å husa maks 150 personar. Då flammane oppstod var det 375 ungdommar i alderen 12 til 25 år inne i lokalet.

63 personar omkom og rundt 200 blei såra, mange av dei alvorleg. Gøteborg-tragedien blir rekna som ein av dei vertse brannkatastrofane i Norden i moderne tid.

Brannen viste seg i ettertid å vera påsett. Fire unge menn blei dømde for grov mordbrann.

SISTE NYTT

Siste nytt