Hopp til innhold

Nord-Korea truar med å utvide atomprogrammet sitt

Nord-Korea reagerer sterkt på at Tryggingsrådet i FN har utvida sanksjonane mot landet, og truar med å utvide atomprogrammet sitt og auke den militære slagkrafta.

Kim Jong-un

Nord-Koreas nye sterke mann, Kim Jong-un, nektar å bøye seg for krava frå eit samrøystes Tryggingsråd.

Foto: KCNA / Reuters

Ein nordkoreansk talsmann seier at landet ikkje vil delta på nye nedrustingssamtalar som følgje av vedtaket i Tryggingsrådet.

Tryggingsrådet i FN vedtok i kveld samrøystes å fordømme den nordkoreanske rakettoppskytinga før jul og vedtok å skjerpe inn dei eksisterande sanksjonane mot landet.

– Avtale med Kina

Møte om Nord-Korea i Tryggingsrådet.

Frankrikes FN-ambassadør Gerard Araud under møtet i Tryggingsrådet i kveld.

Foto: DON EMMERT / Afp

Resolusjonen vart vedteken som eit resultat av ein avtale mellom USA og Kina, opplyser diplomatkjelder til nyheitsbyrået Reuters.

USAs FN-ambassadør Susan Rice sa i ein kommentar etter avrøystinga at Nord-Korea vil betale ein stadig høgare pris om landet vel å konfrontere verdssamfunnet.

Det spesielle med resolusjonen i Tryggingsrådet i kveld er at Kina har gitt si støtte. Dette blir sett på som eit stort diplomatisk nederlag for den kommunistiske diktaturstaten. Kina har tidlegare motsett seg harde sanksjonar mot Nord-Korea, og er det nærmaste landet kan kalle ein alliert.

Vil ha nye samtalar

Tryggingsrådet har tidlegare innført sanksjonar mot Nord-Korea både i 2006 og 2009, utan at det har fått landet til å gi etter for verdssamfunnet sine krav.

Resolusjonen oppmodar samstundes til nye rundar av sekslandssamtalane mellom dei to koreanske statane, Kina, Russland, USA og Japan.

I kveld har altså det nordkoreanske utanriksdepartementet gjort det klart at det ikkje er aktuelt å delta i nye sekslandssamtalar.

Sperring av kontoar

Vedtaket i Tryggingsrådet betyr blant anna forbod mot utanlandsreiser for fire nordkoreanske leiarar. Det blir også sperring av kontoar for seks selskap som er involverte i romteknologi, handel og bankverksemd.

Samstundes blir selskapet Leader International, med hovudsete i Hongkong, utpeikt som Nord-Koreas viktigaste selskap for våpenhandel og eksport av varer og utstyr til ballistisk raketteknologi og konvensjonelle våpen.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Færre flyktet fra Nord-Korea i fjor

LES OGSÅ: Sjelden nyttårstale fra Nord-Korea

SISTE NYTT

Siste nytt