Hopp til innhold

Militærleir med fleire hundre soldatar like ved gassanlegget

Terroristane som sist onsdag gjekk til angrep på gassanlegget In Amenas, kom seg forbi ein militærleir med fleire hundre soldatar.

In Amenas i Algerie

Terroristar gjekk til angrep mot In Amenas-anlegget sist onsdag.

Foto: HANDOUT / Reuters

Brakkene der soldatane er innlosjerte ligg langs den tre kilometer lange vegen som går mellom industrianlegget og bustadområdet, der dei fleste av utlendingane bur. Mange stiller seg uforståande til at gruppa med islamistar greidde å kome seg usette forbi soldatbrakkene.

Stridsvogner nær In Amenas gassanlegg

Det er ein stor militærleir ikkje langt frå gassanlegget.

Foto: - / Afp

Ein tidlegare algerisk tenestemann som nyheitsbyrået Reuters har snakka med, seier at vaktene må ha sove.

Avansert overvakingsutstyr

– Dei har all slags utstyr, blant anna avanserte overvakingskamera. Angriparane må ha slått til akkurat på rette tidspunktet, som tydelegvis var klokka fem på morgonen, seier han.

Den tidlegare tenestemannen er sikker på at terroristane må ha hatt hjelp frå nokon av dei lokalt tilsette.

– Blant 700 algeriarar trur eg ikkje det er spesielt vanskeleg å finne eit par som vil samarbeide. Det skjer heile tida, seier han.

Alt tyder på at terroristane tok seg over grensa frå Libya, som ligg berre eit par mil unna det gigantiske gassanlegget, som blir drive av Statoil saman med britiske BP og eit statleg algerisk energiselskap.

Umogleg å trengje inn

Det store In Amenas-anlegget kunne opplevast av dei tilsette som umogleg å trengje seg inn i for uvedkomande. Det ligg langt unna alt anna, og algeriske soldatar patruljerer alle vegar som fører inn til anlegget. Inne på sjølve anlegget var det også tungt vakthald.

Algerie

Mokhtar Belmokhtar har planlagt og leidd terroraksjonen mot In Amenas-anlegget.

Foto: HANDOUT / Reuters

Ein anonym tenestemann i den algeriske tryggingstenesta seier til Reuters at i alle fall ein del av dei rundt 70 terroristane som deltok i angrepet, hadde teke seg over grensa frå Libya via gamle smuglarruter. Det har tryggingstenesta slått fast etter å ha gått gjennom loggane på mobiltelefonar dei har teke beslag i.

Det passar godt med mannen alle reknar med har planlagt og har leidd aksjonen, Mokhtar Belmokhtar, ein omsynslaus islamist som skal ha kome i konflikt med sine tidlegare vener i Al Qaida i Nord-Afrika. Bakgrunnen er at andre trusfellar meinte at Belmokhtar var meir oppteken av å tene pengar på blant anna sigarettsmugling, enn av åndelege spørsmål.

«Den einøygde»

Afghanistan-veteranen miste eit auge i kampen mot den russiske invasjonshæren i Afghanistan, og han fekk tilnamnet Lawar, «Den einøygde». Seinare har han blitt kalla Mr. Marlboro, fordi han har tent store pengar på sigarettsmugling.

ALGERIA-MALI-CONFLICT-ENERGY-KIDNAP

Gassanlegget In Amenas er eigd av Statoil, BP og eit statleg algerisk energiselskap.

Foto: KJETIL ALSVIK/Statoil / Afp

Han har også gått under tilnamnet «Den utakbare», fordi han alltid har greidd å kome seg unna politiet og dei militære. Han er kjend for å kjenne alle krokvegar og smuglarruter i denne delen av Sahara-ørkenen.

Sjølv om Belmokhtar truleg har leidd og planlagt aksjonen mot gassanlegget, var han truleg ikkje med på sjølve angrepet. Men likevel har angriparane heilt sikkert drege stor nytte av leiaren sin lokalkunnskap.

Lang planlegging

Lokalt tilsette som greidde å kome seg unna har fortalt at det verka som om angriparane var godt kjende inne på anlegget.

Gruppa til Mokhtar Belmokhtar har sagt at angrepet kom som hemn for den franske militæraksjonen mot Mali, som starta for vel ei veke sidan. Dette er det få som trur på. Både amerikanske og franske tenestemann har sagt at aksjonen har verka godt planlagt, og at terroristane kan ha brukt fleire månader på å planleggje angrepet.

SISTE NYTT

Siste nytt