Hopp til innhold

Skyting mellom India og Pakistan

Pakistanske soldatar har skote og drepe to indiske soldatar i Kashmir, ved kontrollinja mellom India og Pakistan, ifølgje indiske styresmakter.

– To av soldatane våre vart drepne og ein såra i ei skotveksling, seier ein militærleiar i Kashmir til nyheitsbyrået AFP.

Indiske styrkar skal ha vore på ein rutinepatrulje nær Mendhar, 220 kilometer nord for den indiske byen Jammu då «me såg mistenkjelege rørsler ein halv kilometer inne på vårt territorium».

– Troppane våre bad dei overgje seg, men blei i staden skotne på, seier ein talsmann for den indiske hæren som held vakt i området.

Uroleg

Våpenkvilelinja i den urolege regionen mellom dei to landa er dermed broten for andre gong på rad på tre dagar.

Søndag blei det meldt om at indiske soldatar skaut og drap ein pakistansk soldat.

Skotvekslinga dei siste dagane har funne stad ved demarkasjonslinja (LoC) mellom dei indisk- og pakistansk-kontrollerte delane av dei tidlegare fyrstestatane Kashmir og Jammu.

SISTE NYTT

Siste nytt