Hopp til innhold

Kabul: Politikvinne drap utlending

Ei afghansk politikvinne har skote og drepe ein amerikansk rådgjevar ved politihovudkvarteret i Kabul.

Amerikansk vakt utanfor politihovudkvarteret i Kabul.

Ein amerikansk soldat på vakt utanfor politihovudkvarteret i Kabul etter drapet.

Foto: Musadeq Sadeq / Ap

Dette er første gong ein kvinneleg politi eller soldat har skote mot utanlandske soldatar og tenestemenn. Ei ISAF-kjelde seier til nyheitsbyrået AFP at mannen som vart drepen var sivilt tilsett.

Samstundes kjem det meldingar om at eien afghansk politimann i natt norsk tid har skote og drepe fem afghanske kollegaer i den nordlege provinsen Jawzjan. Etter drapa skal politimannen, identifisert som Dur Mohammad, ha flykta og slått seg saman med Taliban.

Innsideangrep

Mohammad Zahir, etterforskingsleiar hos politiet i Kabul, kallar drapet på den utanlandske rådgjevaren eit innsideangrep, eit uttrykk som blir brukt når afghanske soldatar eller politifolk går til angrep på vestlege soldatar dei samarbeider med.

Talsmann for det afghanske innanriksdepartementet, Sediq Sediqqi, stadfestar hendinga, og seier at dei har starta etterforsking. Politikvinna er arrestert.

Det har vore mange angrep mot utanlandske soldatar og politifolk i Afghanistan dei siste par åra. 52 utlendingar er drepne i slike angrep hittil i år. Mange av angrepa er gjorde at infiltratørar frå Taliban.

LES OGSÅ: – En fiende er en fiende, uavhengig av nasjonalitet

LES OGSÅ: – Hevder nordmenn kriger mot ISAF

Manglande tillit

Dette har ført til at tilliten mellom rådgjevarar og soldatar frå militæralliansen og dei afghanske kollegaene deira, har blitt kraftig svekt.

NATO har gjennom ISAF-styrken eit mål om å trene opp 350.000 afghanske politifolk og soldatar, slik at dei kan ta over tryggingsansvaret i landet når dei utanlandske soldatane etter planen forlet landet ved utgangen av 2014.

NATO har tidlegare gjort det klart at dei mange innsidedrapa ikkje vil føre til at organisasjonen trekkjer ut soldatane sine før planlagt.

LES OGSÅ: Reiser tilbake til Afghanistan

LES OGSÅ: Pentagon får nærmere 10 milliarder kroner daglig

LES OGSÅ: Taliban meir aktive i Faryab etter norsk tilbaketrekking