Allereie 12. desember, då Nord-Korea sendte opp ein langdistanserakett som hausta sterke reaksjonar over heile verda, gav Kim Jong-un uttrykk for at dette berre er starten.
Men det var i talen under banketten fredag at han for første gong gav eksplisitt uttrykk for at rakettprogrammet skal utvidast.
– Viktig maktdemonstrasjon
Til vill men velkjent koordinert jubel frå tilhøyrarane i salen, kunngjorde diktatoren at den vellukka rakettoppskytinga var ein viktig maktdemonstrasjon for den lukka millitærstaten.
– Denne oppskytinga blei gjennomført med vårt folks verdigheit, annonserte han og heldt fram:
– Dette er ei høgtideleg kunngjering som viser vår juridiske rett til fredeleg bruk av luftrommet, var beskjeden frå den unge, eineveldige leiaren.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Utskytinga viser fram vår totale nasjonale makt, sa han, og heldt fram med å gratulere forskarane med den vellukka oppskytinga av raketten som er blitt sterkt fordømt i resten av verda.
Vennelaust land
Både Sør-Korea, Japan, USA og Russland fordømte planane allereie då dei blei annonsert etter at første oppskyting enda i fiasko.
Rakettprosjektet til Nord-Korea får heller ingen støtte av Kina, som er militærstaten sin næraste, og kanskje einaste, allierte.
At diktatoren hausta både trampeklapp og jubel i runde nummer to, er ikkje så rart sidan første forsøket ikkje kan seiast å ha vore noko særleg vellukka maktdemonstrasjon.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Først fiasko
Statlege medium måtte innrømme nederlag då den første raketten som blei skoten opp 13. april knuste og styrta i havet etter 81 sekund i lufta.
Raketten som klarte seg, hadde som mål å sette ein vêrsatellitt i bane, ifølgje Nord-Korea. Men det internasjonale samfunnet fryktar at slike rakettar kan i framtida bli brukt til å frakte kjernefysiske stridshovud.
Fryktar kjernefysiske våpen
På grunn av frykta for at militærstaten utviklar atomvåpen, som med desse rakettane kan treffe mål så langt unna som USA, har FN fleire gongar sanksjonert Nord-Korea.
FN har forbode landet å utvikle nokon form for atomprogram.
Ein kjernefysisk test ville vere den logiske oppfølgjaren til rakettoppskytinga, ifølgje analytikarar.
Nord-Korea er bannlyst frå å utvikle atom- og raketteknologi pga. FN-resolusjonane, men Kim Jong-un som tok makta for eitt år sidan, trassar kritikarane i resten av verda, og seier han skal halde fram militærprogrammet som hans avdøde far Kim Jong-il sette i gong.