Hopp til innhold

Dei verste skulemassakrane

Skulemassakren i Newtown, Connecticut teiknar seg til å bli den verste i USA si historie. Lista over skulemassakrar over heile verda dei siste åra, er lang.

Newtown

Minst 27 personar skal vere drepne etter ei skyting på barneskulen i Connecticut, ein massakre som kan sjå ut til å vere den verste i USA si historie.

Foto: MICHELLE MCLOUGHLIN / Reuters

Her er ei liste over skulemassakrar over heile verda. Den dystre lista går frå ungdomsskuledrapa i Arkansas i 1998 til barneskulemassakren i Connecticut 14. desember 2012.

2012

CONNECTICUT, USA, desember: Minst 27 drepne, deriblant mange små born, på barneskulen Sandy Hook Elementary School i Newtown i Connecticut, i det som blir omtalt som den verste skulemassakren i USA si historie.

2009

TYSKLAND, mars: I skulemassakren i Winnenden skaut og drap Tim Kretschmer tolv personar, ni elevar og tre lærarar, på den lokale skulen Albertville-Realschule i Winnenden utanfor Stuttgart. Tre til mista livet då 17-åringen flykta i bil. Guten tok sitt eige liv etter å ha blitt såra i skotveksling med politiet.

BAKU, Aserbajdsjan, april: Ein eller to menn med skytevåpen skaut og drap 15 menneske og skadde ti i oljeakademiet i den aserbajdsjanske hovudstaden Baku.

2008

ILLINOIS, USA, februar: Fem personar blei drepne og 18 såra då ein mann opna eld mot eit auditorium fullt av studentar ved North Illinois University i USA.

FINLAND, september: I massakren ved Kauhajoki yrkesskule drap ein 22 år gamal elev ni medelevar og ein lærar på ein yrkesskule i Kauhajoki nordvest i Finland. Gjerningsmannen skaut seg sjølv og døydde av skadane på sjukehuset.

2007

VIRGINIA TECH-massakren, USA, 16. april: 32 menneske blei drepne under skyting ved Virginia Tech i byen Blacksburg.

CLEVELAND, USA: Fire personar hamna i eit skotdrama på gymnaset Success Tech Academy, Ohio. To elevar og to vaksne blei skotne, men overlevde. 14-åringen som skaut hadde blitt utvist frå skulen og skulle sannsynlegvis hemne seg. Han tok sitt eige liv.

FINLAND Massakren ved Jokela skule: 22 år gamle Matti Juhani Saari drap ni elevar og ein lærar før han tok livet av seg sjølv på skulen sin i Kauhajoki i Finland. Han la ut videoar på Youtube i framkant av massakren. Saari skaut alle offera sine på nært hald. Enkelte blei skotne opp til 20 gongar.

Saka held fram under biletet

Skolemassakren i Kauhajoki, Finland

Politiet står utanfor skulen der ein student drap ni elevar og ein lærar før han skaut seg sjølv 23. september 2008.

Foto: LEHTIKUVA / REUTERS

2006

TYSKLAND: Ein 18-åring storma skulen han tidlegare hadde gått på i Emsdetten i Tyskland. Han skaut elleve menneske før han tok sitt eige liv. Alle dei såra overlevde.

PENNSYLVANIA, USA, 2. oktober: Ein lokal mjølkebilsjåfør tok seg inn på amish-skulen West Nickel Mines og skaut ti jenter i alderen seks til 14 år før han tok livet av seg sjølv. Fem av jentene døydde.

WISCONSIN, USA, 29. september: Ein 15 år gamal elev tok livet av rektoren ved skulen han gjekk på i Wisconsin

2005

MONTANA, USA, mars: 16 år gamle Jeffrey Weise skaut og drap sju personar på Red Lake High School i Montana. Fire studentar, ein lærar og ei tryggingsvakt blei drepne. 16-åringen hadde også drepe sin eigen bestefar og kameraten hans.

2002

BESLAN, NORD-OSSETIA: Tsjetsjenske terroristar forskansa seg på ein barneskule i Beslan i Nord-Ossetia. Nærare 1200 blei haldne som gislar. Dramaet varte i tre dagar og 338 menneske mista livet, blant dei var 155 born.

VIRGINIA, USA, januar: Ein student som var utvist frå jusstudiet ved ein skule i Grundy i Virginia, drap ein dekan, ein professor og ein student.

ERFURT, TYSKLAND, April: 19 år gamle Robert Steinhaüser drepte 12 lærarar, ein sekretær, to elevar og ein politimann før han skaut og drepte seg sjølv.

ARIZONA, USA, oktober: Ein student som hadde mislukkast i studiane skulle ta hemn, og drap tre lærarar ved sjukepleiarhøgskulen ved universitetet i Arizona før han tok sitt eige liv.

1999

COLUMBINE USA, april: Eric Harris og Dylan Klebold skaut og drap tolv andre elevar og ein lærar på Columbine High School i den såkalla columbine-massakren. 24 blei skadde. Skytinga starta ved lunsjtid då dei fleste elevane var i skulekantina. Gjerningsmennene avslutta med å ta sine eigne liv.

1998

ARKANSAS, USA, mars: Elleve år gamle Andrew Golden og 13 år gamle Mitchell Johnson utløyste brannalarmen og skaut og drap fire medelevar og ein lærar utanfor ungdomsskulen Westside Middle School i byen Jonesboro i Arkansas.
Begge blei arrestert kort tid etter skytinga, med to rifler og ei rekkje handvåpen. 15 blei skadde.'

1996

SKOTTLAND Mars: I det som blei kalla Dunblane-massakren gjekk ein 43-år gamal mann inn på ein barneskule med fire pistolar. Han skaut og drap 16 skuleborn og ein vaksen før han tok sitt eige liv.

SISTE NYTT

Siste nytt