Hopp til innhold

Romney innrømmer at han tok feil

Republikanarane sin presidentkandidat sa for to veker sidan at 47 prosent av USAs veljarar er trygdetrengande og uinteressante for Romney sin kampanje. No innrømmer han at han tok feil.

Republikanarane sin presidentkandidat, Mitt Romney

TREKKER ATTENDE UTSEGN: Mitt Romney kom i hardt vêr då han sa at 47 prosent av veljarane er uinteressante for hans kampanje. No har han trekt attende utsegna.

Foto: Stephen Mitchell / Ap

– I ein valkamp med hundrevis, kanskje tusenvis, av talar og spørsmål-og-svar-rundar, så kjem ein til å seie noko som ikkje kjem ut rett, seier Mitt Romney til Fox News, og held fram:

– Og i dette tilfellet sa eg noko som var fullstendig feil.

Den republikanske presidentkandidaten kom med dei famøse utsegna under eit arrangement der han prøvde å samle inn pengar til sin kampanje. No har han altså trekt det heile tilbake.

Han skulda 47 prosent av veljarane i USA for å vere avhengige av staten, og dermed stemmer dei på Obama, meinte han. Difor, var bodskapen, måtte Romneys kampanje konsentrere seg om dei 53 resterande prosentane.

Etter kommentaren, som kom for over to veker sidan, har han møtt massiv kritikk. Obama-kampanjen har sjølvklart ikkje lete sjansen gå frå seg.

– Då eg vann i 2008, stemte 47 prosent av veljarane på John McCain. Dei stemte ikkje på meg. På valnatta sa eg: sjølv om du ikkje stemte på meg, vil eg jobbe hardt for å òg vere din president, sa Obama då han var gjest hjå David Letterman.

Har teke lang tid

Skjermdump frå The Huffington Post

FOR LANG TID?: The Huffington Post la ut denne framsida etter nyheita vart kjend.

Foto: The Huffington Post

Men, fleire medium peikar på at Romney har venta over to veker før han trekte attende utsegna. Den liberale nettavisa The Huffington Post slo til med framsida «IT ONLY TOOK HIM 17 DAYS!».

Etter at videoen vart lekka ville ikkje Romney unnskylde seg. Han hevda utsegna var tekne ut av sin fulle kontekst. Han heldt òg fram sitt resonnement.

– Det er ein bodskap eg vil halde fram med å framføre. Presidenten er attraktiv for folk som ikkje betaler skatt. Og ærleg talt så er ikkje min diskusjon om å senke skattar attraktivt for desse. Det er vanskelegare for meg å nå fram til dei, sa Romney då.

Men, han var einig i at det som kom fram i videoen ikkje høyrtest bra ut.

– Det var ikkje elegant sagt, men det var eit uforberedt svar på eit spørsmål.

SISTE NYTT

Siste nytt