skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Tilbaketrekking frå Irak neste år

Ein amerikansk soldat unde ropplæring av irakiske soldatar i nærleiken av Bagdad. (Foto: AFP/Scanpix)
Ein amerikansk soldat unde ropplæring av irakiske soldatar i nærleiken av Bagdad. (Foto: AFP/Scanpix)
Fleire britiske aviser melder i dag at USA og Storbritannia planlegg å trekkje seg ut av Irak neste år.

Publisert 05.03.2006 08:47. Oppdatert 05.03.2006 09:29.
Av Bent J. Tandstad

Sunday Telegraph skriv at tilbaketrekkinga kjem fordi dei to regjeringane har innsett at det faktum at det er utanlandske soldatar i Irak, er ei viktig hindring for å sikre fred i landet.

Også Sunday Mirror melder at tilbaketrekkinga vil skje innan 12 månader. Begge avisene viser til høgtstande, anonyme kjelder i forsvarsdepartementet.

Det er 135.000 amerikanske og 8500 britiske soldatar i Irak. Det er til saman 160.000 utanlandske soldatar i den USA-leidde koalisjonen.

Italia, som har de fjerde største kontingenten, har gjort det klart at dei vil trekkje seg ut av Irak i løpet av 2006.

Ein talsmann for dei amerikanske styrkane i Irak, oberstløytnant Barry Johnson, avviser meldingane i dei britiske avisene som oppspinn.

- Det er ikkje tilfelle at vi opererer med ein timeplan for tilbaketrekking frå Irak. Som vi har sagt gong på gong. Ei tilbaketekking frå Irak er avhengig av at den irakiske hæren greier å oppretthalde ro og orden i landet. Det er ikkje mogleg å knyte dette opp mot ein timeplan, sa Johnson blant anna.

Han sa også at vurderinga av den irakiske hæren skjer løpande.

Det er i dag 230.000 soldatar i den irakiske hæren, som får trening av dei amerikanske og britiske styrkane i landet.
(NRK-Reuters-AFP-NTB)

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no