skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Saddam ikkje redd for døden

Sadam Hussein og dei medtiltalte fotograferte i retten i dag. (Foto: AP/Scanpix)
Sadam Hussein og dei medtiltalte fotograferte i retten i dag. (Foto: AP/Scanpix)
- Eg er ikkje redd for døden, sa eks-diktator Saddam Hussein under rettssaka mot han i Bagdad i dag.

Publisert 05.12.2005 10:09. Oppdatert 05.12.2005 17:21.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Saddam Hussein sa dette etter ein svært kaotisk dag i retten. Han hadde berre forakt til overs for retten, og gjorde det klart at han ikkje var redd for å bli avretta.

- Eg er ikkje redd for ei avretting. Ei avretting er billegare enn skoen til ein vanleg irakar, sa han blant anna.

Forsvararane til Saddam Hussein reiste seg og gjekk frå rettssalen i protest, då rettssaka mot eks-dikatoren starta opp igjen i dag tidleg.

Forsvararane, blant dei USAs tidlegare justisminister Ramsey Clark forlet rettslokalet, etter at sjefsdommaren nekta dei å framføre ein klage før rettsforhandlingane starta.

Dommar Rizkar Mohammed Amin avviste ein klage frå forsvararane, og forsvararane reiste seg og gjekk. (Foto: Reuters/Scanpix)
Klagen gjekk på at retten har lagt ned taleforbod for dei utanlandske forsvarane. Raamsey Clark bad om å få eitt minutt til å seie det han ville, men han vart bryskt avvist av dommar Mizkar Mohammed Amin.

- Legg inn ein skriftleg klage, sa dommaren.

Det kom til eit kraftig munnhoggeri mellom forsvarane og dommaren, og det enda alstå med at heile forsvaralaget til Saddam Hussein forlet rettslokalet.

- Heilt greitt. Då må vi utnemne nye forsvararar, sa Amin då dei gjekk ut.

Saddam Hussein sjølv reiste seg og sa at retten var etablert av dei amerikanske okkupantane, og brølte ut med kraftig røyst:

- Lenge leve den arabiske staten Irak!

Etter ein pause på rundt to timar starta rettssaka opp igjen, med forsvarane på plass. Det vart framført fleire vitnemål frå menneske som opplevde å bli brutalt mishandla av regimet til Saddam.

Etter ein pause på 40 dagar for å gi forsvaret meir tid til å førebu forsvaret for den irakiske eks-dikataoren, starta rettsaka opp på nytt sist måndag. Då vart saka utsett med nok ei veke, slik at det kunne utnemnast nye forsvararar.

Saddam Hussein stilde i retten kledd i mørk dress og kvit skjorte, utan slips. Ein av forsvararane, Khalil al-Dulaimi, starta med å så tvil om legitimiteten til retten.

Saka held fram i morgon.

(NRK-AFP-Reuters)

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no