skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Minst 85 drepne i Irak

Minst 85 menneske er drepne i tre samordna sjølvmordsaksjonar i Irak i kveld, opplyser irakisk politi.

Publisert 29.09.2005 19:14. Oppdatert 29.09.2005 21:40.
Av Bent J. Tandstad

Sjølvmordsaksjonistar sprengde tre bilar i lufta like etter at det vart mørkt i kveld. Politiet seier det verkar som om angrepa i byen Balad nord for Bagdad var samordna. Over 110 menneske vart skadde i angrepa, opplyser oberstløytnant Adel Abdallah ved det lokale politiet.

35 kvinner og 22 born er blant dei drepne, seier han.

Ei bombe vart sprengd like ved ein travel marknadsplass, den andre utanfor ein bank og den tredje utanfor ein politistasjon.

Balad ligg rundt 90 kilometer nord for hovudstaden Bagdad, og er ein by med om lag like mange sjiamuslimske som sunnimuslimske innbyggjarar. Bombene gjekk av i eit sjiamuslimsk område.

Samordna sjølvmordsaksjonar ved hjelp av bilbomber er eitt av kjennteikna til den irakiske avdelinga av Al Qaida, som blir leidd av den illgjetne jordanske islamisten Abu Musab al-Zarqawi.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no