skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Elevar såg lærar-massakre

Irakiske opprørarar drap fem lærarar framfor elevane deira på ein skule i Iskandariya i Irak i dag.

Publisert 26.09.2005 14:52. Oppdatert 26.09.2005 16:07.
Bent J. Tandstad

Ein talsmann for politiet i Iskandariya 60 kilometer sør for Bagdad seier at drapsmennene var kledde i irakiske politiuniformar. Dei fem lærarane var alle sjiamuslimar.

Abu Musab al-Zarqawi er leiar for Al Qaida-nettverket i Irak. (Foto: Reuters/Scanpix)
Dei 10 væpna mennene, som kom til skulen i to bilar, tok med seg lærarane og sjåføren ut av klasserommet, og skaut dei. Fleire elevar skal ha vore vitne til drapa, melder nyheitsbyrået AFP.

Grupperingar av sjiamuslimar, ofte støttespelarar av Saddam Husseins gamle regime som ikkje godtek den nye regjeringa i Irak, har fleire gonger gått til uprovoserte angrep på sjiamuslimar.

Det er likevel første gong at lærarar blir usette for slike angrep.

Leiaren for Al Qaida-nettverket i Irak, jordanaren Abu Musab al Zarqawi, har erklært full krig mot det sjiamuslimske fleirtalet i Irak. Det er frykt for at valden i landet vil auke ytterlegare i samband med folkerøystinga om den nye grunnlova 15. oktober.

Tidlegare i dag vart 10 irakarar drepne i ein sjølvmordsaksjon i Bagdad. Ein bil fullasta med sprengstoff køyrde inn i ein buss som frakta tilsette i det irakiske oljedepartementet. 30 menneske vart skadde i angrepet.

(NRK-AFP)


Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no